Ved å ta heisen blir det ein relativt kort etappe der ein må lage spor sjølv, og ein kjem raskt opp i sola. Ein kan sjølvsagt gå frå parkeringsplassen om ein ønskjer det. Nedfarten går ned sørsida mot Britasteinen. Nede ved Britasteinen kjem ein inn på merka langrennsløypa som går mellom Hodlekve og Høgehaug. Ei alternativ nedkøyring er ned nordsida av Blåfjellet til Gunvordalen. Denne nedfarten er skildra i neste kapitel (3). Her står det også meir om tolkinga av kva som er framside og bakside av Blåfjellet (sjå 3).

Frå Hodlekve er det vanleg å gjere Blåfjell-turen som ein rundtur. Før den nye heisen mot Vardafjell kjem startar ein med å ta heisen opp til toppen av alpinbakken, 760 moh. Frå heisen følgjer ein eit trakkemaskinspor til Vardafjellet (1,9 km). Neste etappe er opp til Kambafjellet på 1220 moh. Etter Kambafjellet må ein ned igjen 20 høgdemeter før ein byrjar på sjølve Blåfjellet. Ofte går skisporet i ein travers sør om toppen av Kambafjell. Vegvalet går i potensielt skredutsett terreng. Går toppturen til toppen bør du ta turen til den vestlege høgda som er 1401 moh og dermed toppen på Blåfjell. 

Sørsida startar på vesttoppen 1401 moh. Frå toppunktet må ein nokre høgdemeter ned før ein kjem inn på sørflanken. Sørsida ned til Stilledalen har ein høgdeskilnad på 400 moh og er jamt bratt under 30 grader. Siste henget ned i Stilledalen er det brattaste. Dette henget er opp i mot 30 grader bratt. Nede ved Britasteinen kjem ein inn på merka langrennsløype som går ned igjen til Hodlekve.