Vestavêret syter for at nedkøyringa i Litlebotnen enkelte tider i skisesongen blir kalla «pudderbotnen». Her kan du i periodar finne den beste snøen i Jølster! Like nord for Bjørsetfjellet ligg Hegrenesnipa, som er eit kortare alternativ. 

Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og fortset opp Årdalsdalen på vestsida av elva. Det er skilta toppturparkering med parkeringsavgift der bomvegen startar.

Frå parkeringa startar du å gå i vestleg retning sør for Øyskargrova og vidare sørvest mot Nausa, den bratte fjellrabben i starten av den austvende ryggen. I ei høgde på 580 til 650 moh. tek du inn på ryggen som fører deg fram til toppen.