Under oppstigninga går du rett inn i dei trolske fjellpartia i Nikolai Astrup sitt kjende måleri «Befringstøylene».  Etter å ha nytt den vide breutsikta på toppen ventar ei forlokkande nedkøyring i ei jamn og fin side som får fram smila hos dei fleste. 

Tilkomst/parkering: For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring, tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. Om du vil gå ruta Opp via Fossheimsdalen og Storaksla følgjer du E39 frå Skei nordover og tek av i krysset skilta mot Fossheim. Du finn parkering ved Fossheim kraftverk. Om våren kan du mot avgift køyre heile vegen opp til demninga.

Frå Befring følgjer du skogsvegen opp i Befringsdalen. Du kan òg gå opp røyrgata frå kraftstasjonen som ligg der skogsvegen startar. Hald fram sørover langs austsida av elva til du kan krysse den i nærleiken av der Loneelva møter elva frå Rambjørgebotnen. Gå til Rambjørgebotnen der du tek høgde opp mot ryggen som skil Steinbotnen og Rambjørgebotnen. Du legg sporet i sørleg retning aust for ryggen, langs ein morenerygg som lokalt blir kalla Steingardane. Du traverserer deg vidare inn mot breen som ligg under toppen av Bjørga, og følgjer slakaste vegen opp mot varden.