Den mektigaste runden for å ta inn naturinntrykka her går rundt dalen via Bings gryte, som har fått namn etter den bergenske advokaten Kristian Magdalon Bing (1862-1935). Han undersøkte breen svært systematisk, og gjekk mange turar saman med jølstringen Daniel Søgnesand. Under første forsøket på å gå Jostedalsbreen på langs i 1898 måtte Bing snu ved denne vindgryta. Bings gryte er forma av ekstreme vindtilhøve, og blir kvar sommar utvida og vedlikehalden av smeltevatn som samlar seg i botnen. I det elles så kvite og flate brelandskapet er gryta av snø og is eit fantastisk syn. Ruta ned inst i Tverrdalen er ein tur som anbefalast for skikøyrarar som likar å utforske dramatisk natur ved bruk av kunnskap om snø, terreng og bratt køyring.

Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek av på Klakegg i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg køyrer du til endes på fv453 til Fonn. Her finn du parkering. 

Frå Fonn følgjer du sørsida av elva til like forbi foten av Gallen. Hald fram opp ryggen mot sørvest langs sommarstien, til du er forbi det brattaste terrenget i dalen aust for deg. Skrå deretter oppover sida og rett sør for Litlenyken via 1658 moh. til Bings gryte. Fortsett langs ryggen vidare nordaustover, og drei deretter rett nordover for å nå nedkøyringa Ned ved Geitafjellet.