Likevel var det dengong som i dag ein seriøs bretur, spesielt på ei tid med mykje dårlegare stegjern og isøkser. Dei to la i veg, men store sprekker og isras uroa Grovabonden, og han ba om å få snu, han hadde kone og ungar nede i dalen som han skulle ta hand om! Sakførar Bing svarte kjapt at han på si side «hadde en gammel tante i Bergen». Dermed var diskusjonen over og turen fortsette til topps. I dag har Bergsetbreen trekt seg opp i fjellsida og fronten av breen rasar jamnt og trutt ned bratte sva og ned i dalbotnen, spesielt om sommaren og i varmt vêr. Sist gong breen vart klatra opp på sommaren var i 2006, men vinterstid kan breen vere noko sikrare for isras. Dei einaste vinterturane opp og ned på ski per 2013 fann stad i april 2008. Turen krever mykje snø, sikker snø, mykje breerfaring og ikkje minst god timing skal den kunne gjerast trygt. 

Brefall endrar seg, så den beste og lettaste vegen opp vil variere frå år til år. Ein bør gå opp meir eller mindre same vegen som ein skal køyre ned, ellers kan ein fort hamne i vanskar i sprekkområde. Enklaste veg opp kan gjerne vere ein lang tur rundt via Steinmannen, men om ein vil køyre sjølve fallet, bør/må ein absolutt gå opp her også. Turen vert beskrive som ei direkterute mot Høgste Breakulen. Ver merksam på at per 2013 er det ein såkalla sekundærbre heilt i botnen av dalen som ein må krysse før ein kjem inn på dei brattare svaa som leiar opp til brefronten. Denne breklatten heng altså ikkje saman med resten av breen, men kan ha sprekker og vasshol. Frå sekundærbreen opp svaberg som breen heng utover i 150 høgdemeter. Til omlag 1300 moh er skilauparar eksponerte for isras og snøskred frå to sider. 

Vidare: eit dalsøkk i isen strekkjer seg oppover vestover på nordsida av fallet, her er isen meir kompakt enn på sidene. Stadig brattare, og ein er utsett for eventuelle isras og snøskred frå to-tre kantar. Etter omlag 700 høgdemeter i utsett terreng kjem ein over ein knekk på omlag 1300 moh. Herifrå er det å navigere gjennom store sprekkområder, retning nordvest langs fjellet for å unngå dei største tverrsprekkene som kløyver breen i toppen av fallet. Terrenget vert slakare og slakare mot 1700 moh, bakken stoggar derimot ikkje før Høgste Breakulen på 1952 moh. For lengst mogeleg nedkøyring går ein heilt på Høgste, dei fleste vil tykkje det er langt nok frå omlag 1700 moh. Ein må rekne lengre tid opp eit brefall enn ellers i fjellet grunna vanskelegare vegval. Følg oppoversporet ditt ned eller køyr der du har sett deg ut trygge område på veg opp. Dårlege vegval kan verte fatale vegval. Det minkar fort på sikre stadar å stoppe når det bratnar på rundt 1300 moh, men sjå etter istårn, blokker eller liknande å stoppe på som skred og ras vil gå rundt.