Undervegs på turen kan du krydre ruta ved å ta avstikkarar til nærliggande toppar og utsiktspunkt du passerer, som Tverrfjellet og begge Kvitevardane. Kvitevarden er det høgste punktet på den gamle ferdavegen over breen frå Lunde i Jølster til Fjærland i Sogn. Til saman gir turen i overkant av 2000 høgdemeter både opp og ned, og du kryssar både Jostedalsbreen og Grovabreen. Dette er Jølster sin spreke kombinasjon av ”Haute-Route” og skimaraton!

Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta til Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp på austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengd om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering. For å komme til endepunktet for turen i Dvergsdalsdalen køyrer du frå Skei rv5 til Kjøsnes, og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Køyr vegen fram til toppturparkeringa ved vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim.  

Denne ruta frå Befring til Kvannebakknova er av dei vanlegaste og tryggaste vegvala opp på Jostedalsbreen, ettersom den nordvende oppstigninga ligg skjerma frå vårsola. Dersom vegen er brøytt til Befringsstøylen er anmarsjen relativt kort.