Skal ein stå ned sørvestsida bør ein gå den opp for å få informasjon om snøforholda og unngå terrengfella i Tverrdalen. Frå Anestølen går ein 1,6 kilometer vestover i Langedalen. Ein går så opp det slakaste terrenget i sørvestsida av Barnakona. Det er jamt 40 grader bratt med parti opptil 45 grader som er konvekse. Ein kan sikte seg inn på sørryggen nedanfor toppen og følgje sørryggen dei siste 100 høgdemeterane opp til toppen. 

Direktelinja frå toppunktet har ein konveks inngang slik at ein ikkje har oversikt over terrenget dei første 100 høgdemeterane. Eit alternativ til direktelinja er å følgje ryggen sørover mot Anestølen dei første 100 høgdemeterane. Dette alternativet gjev betre oversikt over øvre delen av sørvestsida. Sørvestsida har to konvekse parti, og det er ingen trygge stoppestadar her.

Frå Anestølen følg Tverrdalen nordover. Mot slutten av dalbotnen skjærer ein rygg nordvestover. Følg den slakaste ryggen til du når den austlege skuldra til Barnakona. Avhengig av kor skavlane ligg i austsida, nord for toppunktet, kan du sikte deg inn på nord- eller sørryggen av toppunktet. Ved den sørlege varianten er ein utsett for skred på traversen sørvestover over eit klippeparti.