Tilkomst/parkering: Same som for Store Ringstind

Følg skildringa for Store Ringstind til du er på Ringsbreen. Herfrå går du søraustover gjennom Ringsskar og vidare austover under sørflanken på Austre Ringstind. Her er vanlegvis enklaste vegen opp rett vest for den søraustlege ryggen til topps.

Nedkøyringa er kort, med eit spanande terreng for dei som meistrar det. Følg den linja du har sett deg ut under oppturen, men det mest køyrbare skiterrenget blir ofte i austre del av sørflanken. Mange klipper innimellom, men dette varierer frå år til år.