Asbjørnsnosi sine enorme flankar kan nåast på minst tre ulike måtar, det vanlegaste er nok å gå frå Leirdalen, sjølv om ein må tape litt høgde ved eit høve for å nå toppen herifrå. Asbjørnsnosi er nabo med Skogafjellet, eit 50 meter djupt skar skiljer toppane og er såleis ikkje til særleg hinder for å vitje begge fjella.

Om ein følgjer ruta mot Grøndalseggi er ein også på veg til Asbjørnsnosi. På litt over 1200 moh går ein sørover over ryggen og traverserer ei side inn og litt ned i Vetle Grøndalen. Gå omlag til vatnet på 1244 moh og gå sørover i småterreng mot Buskrednovi, drei så austover mot toppen av Asbjørnsnosi. Nedatt same veg, om ein ikkje har taxi-pengar, eventuelt litt brattare variant frå toppen mot Vetle Grøndalen.