Åsfjellet er ein kort tur, som byr på litt kvassare nedfart og utfordrande skogskøyring enn naboen ”Olahansen”. Dei få som har vore her har halde låg profil i sosiale medium i etterkant, men vi reknar med #asfjellet blir hyppig brukt heretter, for dette fjellet fortener meir besøk!

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Ta av frå Myklebust der det er skilta mot Øvre Åsen og Dvergsdalsdalen. Ta av til Øvre Åsen i den første hårnålssvingen. Du kan parkere i svingen, eller nedanfor gardstunet på Øvre Åsen. 

Frå gardstunet på Øvre Åsen følgjer du skogsvegen mot Åsstøylen. Frå stølen går du vidare i vestleg retning langs ryggformasjonen Svorarabben, på nordsida av elvegjelet. Når du er komme heilt opp på den nordvende ryggen, følgjer du den sørover via ein stilfull varde og vidare inn mot toppunktet.