/ Topptur

Topptur på Skårasalen: – I år skulle jeg først opp

LESERINNLEGG: Tidlige randonee-turer har virkelig slått an denne høsten. Nå har Øystein Dahl kjørt ski ned Skårasalen i Sunnmørsalpene.

Sist oppdatert 20. september 2019 kl 09.55
FØRSTEMANN: Ingen kjørte ned Skårasalen før Øystein Dahl. Foto: Øystein Dahl
FØRSTEMANN: Ingen kjørte ned Skårasalen før Øystein Dahl. Foto: Øystein Dahl

Målet var og slå rekorden frå i fjor. Då var eg på toppen 26. september, same dagen dei første svingane vart lagt, men eg var ikje først. Etter eit par dagar i Bergen på jobb, kom eg heim i går til låge temperaturar og mykje nedbør, eg tenkte at i år hadde eg kjangs til og stå først på toppen med ski på beina!

Eg var oppe noko før 07:00 og nytta med ein gong høve til og prøve og stå ned det velkjende fjellet Skårasalen 1542 frå Kvistaddalen, Ørsta. Med eit lovande værvindu, heiv eg med rundt med maten i handa for og rekke opp før noken andre kom meg i forkjøpet, i år skulle eg først opp!

Skarasalen-Sunnmore-Oystein-Dahl-2
Skarasalen-Sunnmore-Oystein-Dahl-2

SKÅRASALEN: Øystein Dahl var først ned 19/20-sesongen. Foto: Øystein Dahl

Eg parkerte bilen på Kvistadsætra noko før 08:00 og starta å gå. Eg hadde skia på ryggen og møtte snøven i omlag 800meters høgde. Derifrå gikk eg eit lite stykke til før eg tok på meg skia og begynde og gå, her var eg komen omlag halvvegs opp Blådalen, ca. 1000moh. Frå 1000 og opp til 1100 var snøven prega av milde tempraturar og var noko sammentrykt. Frå 1100 og opp var snøven bra og tørr.

Oystein-Dahl-Pa-Skarasalen-3
Oystein-Dahl-Pa-Skarasalen-3

FORNØYD: Øystein Dahl på Skårasalen. Foto: Øystein Dahl

Sålen var omlag 2 meter tjukk og var dekka av nysnøv mot topppartiet, der det snøva på veg opp. Frå toppen og ned fekk eg kjøyre uavbrutt ned til 900/1000 meter over havet noko som ga meg ca. 500hm med skikjøring. Snøven var bra og eg tok ikkje ned i stein før eg kom nedatt i blådalen, eg kjørte eit stykke ned Blådalen før eg plukka av meg skia, godt nøgd!

Vel nede på parkeringsplassen var eg fortsatt einaste bil på parkeringsplassen. Målet var i boks!

Publisert 20. september 2019 kl 09.55
Sist oppdatert 20. september 2019 kl 09.55
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen