Måndag 21. januar 2019 klokka 04:41 til 05:43 var det total måneformørking, noko som gav oss 62 minuttar til å ta drøymebiletet. Planen var i utgangspunktet enkel: Finne ein fotogen lokalitet, byggje eit stort hopp, og ta bilete av ein skikøyrar i lufta med blodmånen bak.
ULV, ULV: Karl-Kristian, Sondre og Knut-Hendrik nyt synet av ulvemånen som titta fram då blodmånen takka for seg. Månen og skyene skapa ein trolsk stemning i dei vakre morgontimane på fjellet.
Fredag 19. januar var Knut-Hendrik Lajord og eg oppe i ei fjellside og fant akkurat det me leita etter: Ein perfekt stad å byggje hopp, med tanke på månen sin plassering under formørkinga. I tillegg var staden rett ved toppen av heisen i Sogn Skisenter, noko som gjorde ting litt enklare. På toppen ligg det og ei hytte eigd av Hafslo Røde Kors, som dei velvillig lånte vekk til oss då me forklarte kva me skulle gjere.
Søndag ettermiddag var me på plass i hytta. Ute var det drittver. Heldigvis var værmeldinga for natta og neste morgon bra.
Klokka 0230 gjekk alarmen. Formørkinga skulla starte 0441. Me hadde to timar og 11 minutt på oss.
Dei tjue minutta me trudde det ville ta til hopplokaliteten vart til ein og ein halv time med kløning og banning i botnlaus pudder og whiteout. Me kava oss likevel vidare, vel vitande om at dette var den einaste sjansen me kom til å få til å ta eit slikt bilete på eit tiår.
Klokka 0445 ante me framleis ikkje kvar me var med tanke på hopplokaliteten, som me sjølvsagt ikkje hadde gps-tagga. Det positive var at det klarna opp! Månen titta plutseleg fram, knallraud og uendeleg vakker. Ein kvar fotografs draum. Problemet mitt var at denne draumen hang i en ekstremt tynn tråd om me ikkje klarte å improvisere og lage eit hopp der me stod akkurat no. Så då vart det sånn.
Eg tok med meg radio og kamera, og baksa meg så fort eg klarte bortover i pudderen for å finne ein eigna stad å fotografere frå. Eit par hundre meter frå dei andre fann eg noko som fungerte, og signaliserte på radioen at eg hadde funne ein bra plass å fotografere frå.
Eg fekk ikkje svar, noko som ikkje var så rart, for radioen var tom for straum. Mobildekning var det heller ikkje, så då forsøkte eg å skrike av full hals. Alle som har forsøkt å hyle til nokon i småkupert fjellterreng i litt vind veit at det fungerar ganske dårleg.
Det enda opp med ein blanding av skriking, teiknespråk og panisk veiving med armane. Under ein total måneformørking er det ganske mørkt, så teiknespråket og veivinga var ikkje så effektivt. Kommunikasjonen gjekk frå meg til Knut-Hendrik, som låg i snøen klar med blitsen, og vidare frå han til Karl-Kristian Muggerud og Sondre Loftsgarden som stod klar ved toppen av tilløpet 100 meter høgare oppe i sida. Hodelykt kunne dei ikkje bruke, for det ville øydelagt bileta. Det einaste lyset dei fekk lov å ha var svakt lys på sjølve hoppet, og svakt lys i landinga. Mangelen på lys gjorde at eg ikkje ville klare å sjå når dei starta å køyre mot hoppet, så eg var heilt avhengig av at Knut-Hendrik kommuniserte med både meg og dei. Neste gong skal eg dobbeltsjekke batteria i radioane.
Alle var klare, men månen hadde gøymt seg bak skyene att. Eg byrja å bli alvorleg pessimistisk til heile prosjektet. No var det ikkje mange minuttar før den totale formørkinga var over, og sjansen spolert.
Klokka 0536 kom månen til syne att mellom skyane, og pessimismen blei erstatta av stress.
Me hadde sju minutt.
Eg hylte det eg makta at eg var klar, mens eg veiva som ein idiot med armane i mørket, og blinka nokre morsekodar med hodelykta som eg ikkje veit kva betyr. Knut-Hendrik forstod kva som skjedde, og hylte vidare. Karl-Kristian høyrte Knut-Hendrik og hylte tilbake. Eg høyrte Karl-Kristian og tenkte at det var veldig unødvendig at eg hylte til Knut-Hendrik og ikkje direkte til han. Samma det. Kva dei hylte klarte eg ikkje å høyre, så eg kryssa fingra for at Karl-Kristian var på veg mot hoppet og starta den seks sekunder lange eksponeringa. Og der! Eit lyn frå blitsen fraus bevegelsen av ein skikøyrar i lufta. Det gjekk!
Etterpå viste det seg at når eg hylte:
– KLAR!
Så svarte Knut-Hendrik
– VENT!
Og Karl-Kristian:
– HÆ?
Heldigvis klarte Knut-Hendrik å oppfatte at Karl starta mot hoppet og kom seg i posisjon. Då Sondre hoppa rett etterpå bomma eg med eit sekund på eksponeringa. Så skya det over, og klarna ikkje opp att før den totale formørkinga var over. Vinden stilna av, mens det lysna gradvis etter kvart som formørkinga avtok. Blodmånen blei til ulvemåne, utan at det dukka opp hylande ulvar av den grunn.
Det var den totale formørkinga me kom for å fotografere, så me kan vel ikkje akkurat kalle det for ein braksuksess. Biletet vart ikkje sånn eg hadde sett det for meg. Det kunne vert så mykje betre på alle måtar. Draumen om det vanvittig spektakulære måneformørkingsskibiletet som skulle pryde forsida av alle landets aviser, vere i Vestlandsrevyen, Dagsrevyen, få oss invitert til God Morgen Norge og til Skavlan var knust.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
Betal smartere med Klarna.
Abonnementene fornyes automatisk og kan sies opp når som helst, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.