Regn. For så vidt ingenting uvanleg i det, det er sommar på Sunnmøre. Det som er uvanleg, er temperaturen. 4 grader. I starten av juli. 

Regnet held fram ei heil veke, nesten utan opphald, og temperaturen ligg stabilt på nokre få plussgrader. Kvar gong eg kryssar tunet i eitt eller anna ærend, ser eg opp mot fjella, av og til skimtar eg dei såvidt. Dei ser kvite ut. Ein ide byrjar ta form.