Oversiktskart over Skrei og Stardalen. Frå Toppturar i Sunnfjord.
Lesetid: 3 minutter
Terrenget byr på brei variasjon i eit fjellområde nær Jostedalsbreen, noko som garantert vil gi deg den ekte og gode høgfjellskjensla!
På grunn av nærleiken til breplatået er området spesielt snørikt, og fleire av turane gir deg oppstigning og nedkøyring på brearmar.
Skei og Stardalen ligg godt til rette for den som vil utfordre seg på langtur til høge toppar, og som ønskjer dei grommaste nedkøyringane.
Naturen i området har vore trekkplaster for turistar frå både inn- og utland i over 100 år, og gav grunnlag for overnatting- og hotelldrift.
Det er eit ærefullt kvalitetsstempel for området at William Cecil Slingsby i boka «Til fjells i Norge» skildra korleis han opplevde turen han hadde langs fjella på nordsida av Kjøsnesfjorden.
Kjente turar og fjell: Om du besøker Skafonnfjellet, og går vidare langs ryggen til Høgenipa, går du i spora etter William Cecil Slingsby.
Klakeggfjellet ligg i skjeringa mellom fire dalføre, og kan dermed vere eksponert for vêr og vind frå fleire kantar. Trollebottseggane lokkar på dei ivrigaste ramnane som er på jakt etter kvitt gull.
Tortnegrøegga er blitt ein populær skitopp, og beviset på at alle gode ting er meir tre! Den mektigaste runden for å ta inn naturinntrykka i Tverrdalen går rundt dalen via Bings gryte.
«Dronninga av Sunnfjord», Snønipa er eit ynda mål for både brevandrarar og skientusiastar, og eignar seg godt både som topptur og på fjellski.
Det markante fjellet Hanekammen lokkar i dag skikøyrarar med ei av dei finaste kvite sidene i Sunnfjord, som du kan setje signaturen din i.
Om du stoppar på bensinstasjonen på Skei ser du rett opp i Håheimsfjellet. Klassikaren Bjørga er ein av dei mest kjende toppane nær Jostedalsbreen i Stardalen.
I området Skei og Stardalen er Bolsetnipa fjellet som har dei snillaste og mest familievennlege bakkane.
Vêr, snø og sesong: I dei kaldaste vintermånadane kan det vere vêrhardt i området som husar delar av Jostedalsbreen. Men på fine vinterdagar kan den finaste laussnøen ligge og vente på deg.
På grunn av fjellhøgda, nærleiken til breplatåa, og lengda på enkelte av turane eignar fleire seg godt som vårskiturar. Nokre somrar kan du lufte toppturskia til langt ut i juni her.
Kart: Norge-serien, Jostedalsbreen 1:50.000 dekkjer turane i Stardalen og på Jostedalsbreen, mens Ålfotbreen 1:50.000 dekkjer turar med utgangspunkt frå Skei.
I tillegg finst det eit lokalt turkart, Jølster 1:50.000 som dekkjer heile området med unntak av nokre turar på Jostedalsbreen.
Vegen hit: Følg E39 frå Førde til Skei. For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg der du tek av mot fv453 som er skilta til Stardalen.
Overnatting: I Jølster er det hotell på Skei, og kort avstand til overnatting i Førde.
Elles er det campingplassar både på Skei og Vassenden, og hytteutleige i Stardalen, i Årdalen, på Skei og på Lunde.
Butikkar, restaurantar og kafear: Det er daglegvarebutikkar og fleire matserveringsstader i tettstadane Skei, Vassenden og bysenteret Førde.
I Stardalen er sommarkafeen av og til open også på vinteren og har middagsservering i helgane.
Meir informasjon: Visit Sunnfjord (www.sognefjord.no/sunnfjord), Skifantomets verden (www.skifantomet.com)
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
Billigst
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.