Eit av dei verkeleg gode skiområda i Jotunheimen er Leirdalen, som strekkjer seg inn i hjarta av Jotunheimen frå Gudbrandsdalsida. Med bomvegen som går inn til Leirvassbu kjem ein seg lengre inn i Jotunheimen enn frå nokon annan kant, og det er moglegheitene for skiturar på alle nivå innover dalen som gjer han til ein av favorittane.

Til ein av dei mest markante toppane i dalen, Skagsnebb, er det fleire turmoglegheiter, anten frå nordsida opp Hurrbrean, eller frå sørsida opp nokre bratte flankar, der snøen ligg i renner til langt ut på sommaren.