Vi skriv 7. oktober. Bakken er dekt av rim, sola har så vidt nådd fjelltoppane rundt oss. Heile Romsdalen er på veg til Alnestind ettersom Trollstigen enno er open. Medan tre menn er åleine i verda på Nordmøre.

I alle fall kjennest det slik. Og framfor oss lyser Oktoberfjellet.

Jordalsgrenda er ei ganske vanleg bygd på Nordmøre. Her bur det omlag 50 innbyggjarar med ei historie som strekkjer seg attende til jernalderen. Men historia er ikkje den einaste som bør gjere innbyggjarane i Jordalsgrenda stolte. Grenda har nemleg noko svært spesielt. Ein kombinasjon som, ved rett nedbørsmengd og vindretning, er eksplosiv i ski-verda: