Som regel må det ei slumring eller to til før undertegnede står opp. Men alle reglar har unntak, og det er skidagar. Det kunne vore avreise kl 04.00, ein vaknar alltid like lett når ein skal på topptur og ein veit kva som ventar.

Denne dagen var intet unntak, og Fri Flyt kollega Anders var på plass i Nydalen presis 07.30. Avgjerelsen om å besøke Telemarks høgaste fjell vart gjort kvelden i forvegen, og Oslo vart lagt bak oss rimeleg fort.

Snart var grå gater og fortau bytta ut med tunge gran- og bjørketre som hang over vegen, eit bytte til det klart betre. Rett før Tinnsjø stakk vi innom den lokale Coop’en, då Anders er religiøs med tanke på å ha med seg ein boks-cola på tur, og dette måtte skaffast.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

BRETT: Bloggforfatteren selv på vei ned. Foto: Anders Kunze Juul-Dam 

Bak kassa på Coop sto ei hyggeleg dame som lura på om vi skulle til fjells. Jau, Gaustatoppen var målet, sa vi. Tja, svara ho, det kan nok vere litt djupt i dag. Det var nå litt av meininga det då, gliste vi tilbake til ho og takka for cola’n.

Vi følte vi var tideleg ute, men då vi kom til parkeringsplassen nedanfor Gaustatoppen var det allereie åtte bilar der, og dei ivrigaste var på veg oppover lia. Den kvite majesteten som tårna opp av landskapet så innbydande ut, og rennene som er synlege på frå parkeringsplassen såg endå betre ut.

Gradestokken (bilar har vel ikkje gradestokk men..) viste -14 ‘C, finfin temperatur å gå i, for som min kollega Anders likar å påpeke, 11-14 minus er ideell temperatur. Dette fordi du kan holde godt aktivitetsnivå utan å svette. Vinn-vinn!

Turen opp gjekk fint, med nytråkka spor frå dei før oss. Vel oppe på kammen nedanfor tårnet forsvant temperaturen rett ut av idealsona til Anders, for her vart vinden med på leiken. Vår ekstremt nøyaktige synsing anslo effektive minusgrader til rett over -20’C. Det beit godt i ansiktet.

Vel oppe vart ein betre, men hurtig lunsj innteke, då vi som sagt hadde ein del folk foran oss, og tanken på førstesporet i ei av rennene var veldig fristande.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

TOPP: Anders Kunze Juul-Dam på toppen. Foto: Olav Tarjei Valebjørg

Fellar vart dratt av skia, splitboard vart satt saman, og avgåre bar det bort over ryggen. Som forøvrig hadde utruleg få spor på seg. Då vi kom til første renna kunne vi knapt tru det, men ingen hadde køyrd ned der. Synd for dei, tenkte vi, og hasta på oss brett og ski.

Den diplomatiske metoden stein-saks vart bruka for å bestemme kven som fekk lov å køyre først, og med ei litt tvilsom saks (på grunn av votte-problematikk) vart det undertegnede som fekk lov å kaste seg først ut i renna.

Frå å vere litt vindpåvirka og smal på toppen gjekk renna over i ein brei leikeplass med 20-30 cm med fersk puddersnø. Svingane vart lengre og djupare, farten høgare. Eit fantastisk føre som smørte hovedstadsnervene med balsam. Gledeshyl var å høyre nedover dalen, og fistbumps vart generøst utveksla i bånn av renna. Ein kunne tydeleg sjå at dei som var på veg opp økte farten for å komme seg opp mens det endå var noko djupsnø att. Føret var bra nedover det flatare partiet mot bilen og, men i motsetning til renna bar terrenget rundt preg av litt lite snø. Her og der stakk det opp «haifinner» som kunne resultert i eit kjedeleg besøk til eit skiverksted.

Vi kom oss ned til bilen utan større haiangrep, og satte etter ein fantastisk dag i fjellheimen kursen innover att mot hovedstaden, lungene fylt med frisk fjell-luft som forhåpentlegvis held fram til neste helg.»