DET SNØR TETT I KJOSEN.Vi ser ingen annan utveg enn å setje opp teltet og kome oss i hus, sjølv om teltet vert dobbelt så tungt å bære neste dag. Vi har spart gram på isøkser og lette stegjarn og lagt att rekene i lake i bilen. Men det har forsvinnande liten effekt så lenge ein skal ha med eit palass av eit Hillebergtelt som i tillegg er vått langt innover i Lyngsalpane. 

Ove Petter bryr seg forresten ikkje, han går med Beast-bindingar og har med ei telelinse på eit par kilo som han ikkje kjem til å bruke til noko anna enn å ta bilete av rein. Men no føregrip vi visst historia.

Sjekk Utemagasinets testvinnere!