LYNGEN Lyngenhalvøya er det villaste alpine fjellområdet i Noreg. Halvøya strekkjer seg ti mil nordover frå Nordkjosbotn, og består nesten utelukkande av fjell og store brear. Lange innmarsjar gjer Lyngenhalvøya godt eigna til teltturar over fleire dagar. Bebyggelsen ligg berre langs fjorden, ein får raskt følelsen av ekspedisjon så snart ein bevegar seg inn i fjella. Svensby ligg ca ein times køyretur frå Tromsø. Det er mogeleg å ta buss mot Lyngseidet, men bil er å anbefale dersom ein ikkje på førehand veit akkurat kvar ein skal starte. Stortinddalen er ein av endelaust mange dalar ein kan telte i. Her er det berre fantasien som set grenser. Pass på å sett teltet i skredsikkert terreng. Utløpssonene ligg tett i Lyngen. Lyngsalpane er kystfjell og vermessig er reisa hit eit lotteri. Våren er kanskje den sikraste tida å legge skituren turen til, ein kan ofte få periodar med stabilt ver i slutten av april og starten av mai. Midnattssola kjem midt i mai, då er det framleis skiføre i Lyngen, men gjerne varm snø. Ta gjerne med sovemaske i teltet, i mai er det lyst heile døgnet. DET SNØR TETT I KJOSEN. Vi ser ingen annan utveg enn å setje opp teltet og kome oss i hus, sjølv om teltet vert dobbelt så tungt å bære neste dag. Vi har spart gram på isøkser og lette stegjarn og lagt att rekene i lake i bilen. Men det har forsvinnande liten effekt så lenge ein skal ha med eit palass av eit Hillebergtelt som i tillegg er vått langt innover i Lyngsalpane.Ove Petter bryr seg forresten ikkje, han går med Beast-bindingar og har med ei telelinse på eit par kilo som han ikkje kjem til å bruke til noko anna enn å ta bilete av rein. Men no føregrip vi visst historia.   TURFØLGJET BESTÅR AV TO SUNNMØRINGAR OG EIN SVEITSAR. Planen er å ta med teltet innover Stortinddalen og bli der til vi er tomme for mat, eller til Ove Petter må attende på jobb. Her oppe går vi i alle fall ikkje tomme for fjell. Det er som med den eika i kongsgarden: Høgg du av ei grein, veks det straks ut to nye. Køyrer du ei snørenne i Lyngen, kan du ete norrøna-hua di på at du ser minst ti nye du får lyst på.«FORBANNA SØRINGAR OG UTLENDINGAR.» Vi ser føre oss avisoverskriftene i Nordlys og dei meir usensurerte glosene over kaffien på kiosken i Svensby. På eit tidspunkt finn nemleg Ove Petter ut at han har gløymt liggeunderlaget i bilen. Han snur medan vi to andre søkjer ly for snøvéret i Trollhytta, ei open bygdehytte vi passerer på vegen. Etter ei stund kjem han attende med eit stort reinsskinn. Han har passert ein gapahuk på vegen og teke i bruk naudparagrafen for fjellfolk. Heldigvis for oss andre finn vi eit liggeunderlag på hytta, så vi gjer eit bytte for å sleppe å dele telt med eit reinsdyr dei neste dagane. Skinnet frå gapahuken høver elles perfekt til møblementet på hytta. EIN TRENG BIL I LYNGEN: Men så snart den er parkert, er det einaste som begrensar deg, kor mykje mat du greier å bære med deg inn i fjella. Foto: Ståle Johan AklestadRett under Tvillingtind slår vi leir. Vi skal opp i høgda etter kvart, men denne leirstaden er perfekt for å utforske Trollvasstind-massivet. Dessutan er her innlagt vatn. Skyene ligg lågt og vi sovnar utan å ha sett fjella over oss. Men vi veit dei er der. – GUTAR! DET ER KLART! LYNGEN HAR OPNA!Det er eg som er først ute av teltet. Himmelen er skyfri og fjella er drivkvite av snø. Vi har sett oss ut ei 1000 meter lang nordvend renne frå Trollvasstindmassivet, vi har nemleg ein ide om at det er nordsider som gjeld dei komande dagane. Men i staden for å gå renna opp, vil vi gjerne sjå mest mogeleg av området, og vel ein rundtur. Det skal vise seg å vere eit farleg val. Stortind og Tvillingtind reiser seg snart bak oss i si fulle høgde, og rett imot ser vi plutseleg eit enormt fjell innehylla i skodde. Og det er akkurat som fjellet dreg oss til seg – ein uimotståeleg sirenesong som tvingar skia rett fram. Eg forstår godt Odyssevs som måtte bindast til masta på båten sin, men her er ingenting å forankre i, berre ei stor snøflate skiljer oss og fjellet. Vi greier såvidt å ta av til høgre, men det er på ingen måte over – rett framfor oss står eit nytt fjell med alt du kan drøyme om av små spines og hopp og anna innbydande terreng. Neste år skal eg kjøpe meg mørkare solbriller.Vi kjem til slutt inn på rett motbakke, og det er på høg tid, for sola har stått på heile morgonen, vi i finn såvidt ei trygg rute oppover utan å risikere å få heile Brevasstinden i hovudet. SÅ ER VI DER ALTSÅ. ISSKARDBREEN. Snøen er heilt tørr og ein halvmeter djup, og vi har no så god oversikt at vi kan tillate oss å slakke litt på impulskontrollen ettersom vi heile tida har oversikt over inngangen til renna vår. Det er nemleg uaktuelt å risikere førstespora no. Vi trakkar oss opp på eit par av tårna kring breen, snøen er så perfekt som snø kan bli idet vi slepp oss nedover. «Kven spør etter leidi når ein har slik ein vind», for å sitere Olav H.Men ei lei har vi no likevel, og dagen lid, så vi set etter kvart kursen mot renna vår. Men Lyngen er større. Idet vi stikk hovudet over kanten innser vi at det ikkje ei renne vi står på toppen av. Det er ein dal. Ein dal med fjellveggar på begge sider, full av laussnø. Det er djupt og det er stort. Ueli, som har reist lengst, får køyre først, han hyler heile vegen. Dette er visst betre enn Sveits. Det er tre fornøgde menn som sovnar i teltet denne kvelden.    EVENTYRBRE: Isskardbreen er omkransa av skiterreng. Ove Petter Sørheim legg sporet ned frå eit av tårna på austsida. Foto: Ståle Johan Aklestad– VAR LYNGEN VERKELEG SÅ BRATT?–  Bur ikkje du i Romsdalen?– Jau, men dette er større.Vi står like under den vestlege toppen på Trollvasstind, på ei skulder som tippar ut i ingenting. Renna under oss er berre nokre få meter brei, har konveks start og er fylt med ein halvmeter laussnø. Og det vert plutseleg tydeleg kven av oss som bur her oppe. Ove Petter tek så mykje fart han greier, legg seg rett over skia og tippar inn i renna. Det ser heilt uanstrengt ut. Eg er nummer to, og kjenner hjartet hamre idet eg slepp meg ut og legg ein sving heilt på kanten av skuldra. Så er eg inne i renna, og alt eg tenkjer på, er neste sving. Det er djupt og det er stort og det er Lyngen. RENNA VÅR ER IKKJE EI RENNE: Det er ein dal full av laussnø. Det er stort og det er djupt og det er Lyngen. Foto: Ståle Johan AklestadI kveldinga vert vi sitjande utanfor teltet og sjå på fjella. Og blikket mitt søkjer stadig oppover mot Tvillingtind. Det er noko med dette fjellet, det har ei uvanleg dragning. Vegen opp er eit rennesystem som startar frå teltet vårt og leier rett til toppen. Ein tanke vert fødd - kanskje er det mogeleg å gå opp dit i natt? Tanken er raskt på veg frå fødsel til besettelse. Det er då eg høyrer det. Tvillingtind syng. I den lyse mainatta høyrer eg Tvillingtind synge. Djupt og beroligande. Noko roar seg i meg, og etter å ha lytta ei stund, helsar eg god natt til gabbrokolossen over meg. Eg kan framleis høyre den mørke, nynnande stemma som blandar seg med suset frå bekken utanfor teltet idet eg sovnar. – WHAT? SO YOU STAY HERE?Sveitsaren ristar uforståande på hovudet. – Ha det, då, seier Ove.– Og god tur. Ikkje ta for store sjansar.Eg veit ikkje kva det er med meg og fjell. I alle fall vert dragninga frå Istind, fjellet med sirenesongen, helt uimotståeleg den siste dagen på turen. Vi er på veg heim gjennom Tyttebærdalen, og den enorme nordsida av fjellet ligg bada i ettermiddagssol. Eg har ikkje flybillett før dagen etter. Stå på toppen av Istind i det rosa kveldslyset? Eller bli med ned og avslutte saman?Eg tek valet mitt, og dei to andre spenner på seg skia og forsvinn nedover dalen. Eg står åleine att, med eit enormt fjell framfor meg. Slik eg har stått før, både her og andre stader. Men eg kjenner det med ein gong. Noko er annleis i dag. Eg ser dei to andre forsvinne bak den første kanten. Er det einsemd? Eg står i fem minutt, så ombestemmer eg meg. Pakkar sekken igjen.Fleire gongar idet eg stakar nedover tek tvilen meg att, og eg snur meg mot Istind. Men eg held fram. Og litt etter litt vert songen frå sirenene fjernare. Kulden og tørrsnøen vert erstatta av varme og vårstemning, og litt nede i bjørkeskogen skimtar eg sekken til Ueli. Han er litt overraska, men verkar glad for å sjå meg. Det same gjeld Ove.Det er nydeleg furuskog nedover, og Kjosen blenkjer under oss. På den andre sida ser vi Godmother-renna, og bak oss, i det fjerne, står Istind. Men eg er roleg. Det er her eg skal vere i dag. Med Ove Petter og Ueli.– FUCK, IT´S COLD. WHERE IS HE?Ueli bannar som vanleg. Denne gongen for så vidt med god grunn, sjølv om vi framleis er i verdas vakraste omgjevnader. Det er faktisk kaldt i Kjosen. Vi har venta det som verkar som ei æve på Ove Petter, som den mest sjarmerande av oss stilte vi han opp i vegkanten i håp om å fa haik. Det gjekk til slutt, men han kjem altså aldri attende.Til slutt, etter å ha slått på mobilen som vi ikkje har brukt på mange dagar, finn vi ei melding og forstår vi grunnen – bilen har punktert. Det er berre å setje opp teltet igjen medan Ove Petter improviserer nokre kilometer unna. Det var her i Kjosen turen byrja den første kvelden i snøvéret, så det er berre naturleg at sirkelen vert slutta her, og at vi får eit par timar til å studere fjella rundt Kjosen frå teltopninga.  DET ER KVELD IDET VI NÅR FERJEKAIA I SVENSBY. Fjella rundt oss har blitt heilt rosa, og det er framleis tusen skiløyper som lokkar forførande i kveldslyset. Det kjennest godt å avslutte dette eventyret saman. Det kjem ein vår neste år. Og i mellomtida kan eg bruke tida på finn.no. For ein dag må det vel bli lagt ut eit småbruk i Svensby.Husk at du som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler fra landevei.no, terrengsykkel.no, friflyt.no, utemagasinet.no og norsk-klatring.no.Les også: Test av lette toppturbindingerLes også: Test av åtte allsidige topptursekkerLes også: Slik justerer du bindingerLes også: Best i test