Fjellsportkonferansen til Sogndal

Norsk Fjellsportforum (NF) og Bratt Moro i Sogndal, samabeider i år om den store nasjonale fjellsportkonferansen.

Sist oppdatert 15. oktober 2012 kl 08.52
KLART FOR KONFERANSE: Årets Nasjonale Fjellsportkonferanse vert arrangert i Sogndal i høst, og er eit samarbeid mellom Norsk Fjellsportforum og Bratt Moro. Foto: Stein Tronstad
KLART FOR KONFERANSE: Årets Nasjonale Fjellsportkonferanse vert arrangert i Sogndal i høst, og er eit samarbeid mellom Norsk Fjellsportforum og Bratt Moro. Foto: Stein Tronstad

Konferansen har som mål å samla alle som er interessert i fjellsport i Noreg, og det blir sett fokus på følgjande hovudtema:

  • Korleis læra fjellsport

  • Ny bruk av fjellet

  • Fjellsport og verdiskaping

Fjellsportkonferansen i Sogndal 2012 set fokus på bruken av fjella i dag, og er ein årleg konferanse i samband med NF´s rådsmøte. Årets konferanse har eit fagleg innhald og spennvidde som bør vera aktuelt for fok som ferdast i fjellet, anten som arrangør, guide eller om ein har annan tilknyting til bruk av fjell. Konferansen vil gje deltakarane ei grunnleggande innføring i kva som rører seg innan ulike miljø, og vil ta opp spennande tema til debatt.

Verdiskaping

– Fredag handlar det om korleis fjellsport kan bidra til å skape verdiar, både i reiselivssamanheng og i form av næringsutvikling og tilflytting. Vi syner korleis positive ringverknader oppstår og balanserer dette opp mot konsekvensar av ny og auka bruk av fjellet, seier Helge Skogseth Berg i programkomiteen i ei pressemelding til Fri Flyt.

Laurdag går konferansen i djupna på korleis ein lærer fjellsport i dag.

– Dagen vil gje svært nyttige erfaringar for alle som på ein eller annan måte sjølv lærer eller lærer bort fjellsportaktivitetar. Vi utfordrar myten om at alt var betre før. I dag gjennomfører langt breiare grupper med klatrarar og skikøyrarar svært kompetansekrevjande turar som for nokre år sidan kun vart utført av nokre få aktive, med den gongen svært spissa kompetanse og dugleikar.

Historie og nyskaping

– Er det auka generell kompetanse, utstyr eller spesifikk kunnskap om enkeltturar som er drivkrafta? Og heilt konkret: Korleis lærer ein? Dette er noko av det me vil debattera, seier Skogseth Berg.

– Søndag ser vi på ny bruk av fjellet. Med utgangspunkt i historia får vi fram kva som er nytt, med vekt på toppturar og vinterklatring. Deretter set me søkelys på kva konsekvensar dette får for profesjonelle fjellfolk; redningstenesta og tindevegleiarar, seier Helge Skogseth Berg.

Og avsluttar med at det blir lagt opp til ein konferanse med høgt fagleg nivå, samstundes som ein vil vektleggja det sosiale når fjellsportinteresserte frå heile landet møtest. Konferansen har ei rekkje føredrag og fjellsportaktivitetar på programmet, og sjølvsagt ein eigen festmiddag.

Lokalt næringsseminar

Bratt moro tjuvstartar konferansen torsdag 1. november med eit lokalt næringsseminar, i samarbeid med Sogn Næring og Kunnskapsparken.Her er spørsmålsstillinga om det let seg gjera å skapa meir næring og fleire arbeidsplassar med utgangspunkt i fjellsport og naturaktivitetar.

I samarbeid med Intersport Sogndal vert denne kvelden eit kick off for komande vintersesong med utstyrsleverandørar som viser fram det siste nye.

– Programskaparane Torje Bjellås og Arve Uglum frå NRK Sogn og Fjordane vil koma og fortelja om suksesserien «Fjellfolk», og om det komande programmet «Den gamle mannen og breen», seier Stein Magne Os i Bratt moro.

Kaj Zackrisson kjem

Torsdagen vert runda av med eit møte med den verdskjende frikøyrarenn Kaj Zackrisson. Han vil mellom anna introdusera og visa filmen «Très Bonne Équipe, the story of freeskiings unique duo – Kaj Zackrisson and Sverre Liliequist». Filmen fekk for øvrig ein sekser av friflyt.nos filmanmelder Andreas Amble i fjor.

LES OGSÅ: Bestekompisene

– Dei som likar bratt skikøyring har mykje å sjå fram til denne kvelden. Vi er svært stolt over å få Zackrisson og filmen til Sogndal, seier Os.

Mer info om årets Fjellsportkonferanse finner du her!

Publisert 15. oktober 2012 kl 08.52
Sist oppdatert 15. oktober 2012 kl 08.52
annonse
Relaterte artikler
IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen