Eg er litt i beit for å pisse. Snur meg. Ser ingen. Lagar nokre krusedullar i snøen på botn av quarteren me har trampa opp i ein skavl. Vinden har vore pipetrakkar gjennom skaret, og for ei gong skuld gjort det enkelt for oss. Djupt under skia mine sildrar det i ein bekk som kvirvlar svart i ei lita oppkomme nokre meter nedom landinga. I det eg har skrive initialane mine i snøen, ser eg fem-seks par nikkersstrømper koma fram på rekke over skavlen. Samstundes passerer Robert meg og roterar to gonger over hovuda deira, før eg dreg opp smekken.