Bar bakke i pudderparadis

Japanske meterologar spådde at La Niña skulle levere den villaste vinteren på mange år i Japan. Slik gjekk det ikkje.

Sist oppdatert 9. januar 2017 kl 13.41
SPRAY: Selv om forholdene var varierende ble det nok til en snøspray. Foto: Olav Tarjei Valebjørg
SPRAY: Selv om forholdene var varierende ble det nok til en snøspray. Foto: Olav Tarjei Valebjørg

Det vart tideleg bestemt at Fri Flyt skulle etablere midlertidig distriktkontor i Hakuba, Japan i starten av januar. Målet var ein sesongstart til å skrive heim om. Dalen byr på både storfjellskøyring og fantastisk skogskøyring, noko for alle og ein kvar med andre ord. Med dommedagsspådommar frå lokale meterologar om ein vinter som kom til å begrave både det eine og det andre i botnlaus puddersno var ikkje dei reisande seine om å sende pengar til Turkish Airlines i bytte mot sitteplass og kald falafel over dammen. Etter å ha besøkt Hakuba tidelegare skrøyt undertegnede staden og forholda opp i skyene, og lova både gull og grøne skogar til resten av reisefølget. Gull har vi ikkje sett noko til. Grøne skogar derimot, plenty. 

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Utsikt Foto Henrik Breuer
Utsikt Foto Henrik Breuer

FANTASTISK UTSIKT: Gjengen i Fri Flyt nyter utsikten. Foto: Henrik Breuer

Vi er nå på tiande dagen her i Hakuba med ein snarvisitt til Myoko lenger nord, utan å ha sett noko til den forferdelege vinteren som skulle ta livet av både kveg og tobeinte. Istaden har vi hatt tilnærma påskestemning, med smeltande sno og dryppande tak. Kvar storm som har planlagt å innom Hakubadalen har løyst seg opp i ingenting, og dei flotte fjella i dalen går på pudder-tomgang. Ikkje noko vondt om påske, for all del. Men å legge den gule høgtida til januar er i tidelegaste laget.

Heldigvis er topografien i dalen slik at sjølv med katastrofe-sesongstart går det an å finne god sno - om du veit kor du skal leite. Og avogtil gå for å finne den. Det har vi gjort.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Buskete men djupt Foto Olav Tarjei Valebjørg
Buskete men djupt Foto Olav Tarjei Valebjørg

DYPT: Dyp kjøring ved buskene. Foto: Olav Tarjei Valebjørg

Det er selfølgeleg samla fotobevis på at vi har funne litt sno. For vi har funne sno, og har hatt god køyring kvar dag tiltross for den dårlege sesongstarten. Det seier noko om området. Elendig sesongstart, og likevel ingen problem å finne skogskøyring som skaper gledeshyl som skaper gjenklang mellom treleggane. 

Men viss du som les dette vurderar å kaste deg på ein tur til Japow, la meg få deg på bedre tankar. Dra til Mammoth, der slit både kveg og tobeinte for tida.

Publisert 9. januar 2017 kl 13.41
Sist oppdatert 9. januar 2017 kl 13.41
annonse
Relaterte artikler
IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen