Det er heilt svart. 

Det er ikkje nokon armar eller bein. 

Det er eit evig svart tomrom

Eg lurer på kva dette er. Er eg død? 

Eg må jo vera død, her er jo ingenting. 

Eg tenkjer tilbake på kva eg har gjort. 

Eg finn ein skitur. Det er det siste eg hugsar.

Eg må ha døydd medan eg var på ski. Eg må ha blitt teken av eit snøskred. For eg er jo død.

Eg gispar etter luft. Eg leitar etter eit namn, eg finn namnet Marit, det er ho som er kona mi.

Dette er einaste tanken Andreas sit att med som kan koplast til ulukka. Han hugsar ikkje noko frå sjølve skredet. Han greier ikkje å tidsfeste når han fekk denne tanken. Men den er der. Den er så sterk at han føler den er sjølvopplevd, men greier ikkje heilt å plassere den.

Dette er historia om Andreas Vold – mannen som blei teken av snøskredet i Frudalen 27. februar 2017.

Skredet

  • Omlag 100 meter bredde øvst
  • Omlag 300 meter bredde i skredtunga nedst
  • Lengda på skredet: mellom 100 og 130 høgdemeter
  • Brotkant: Frå 5 til 30 centimeter
  • Øverste sjiktovergang i fokksnø har losna Dette har forplanta seg til ein djuptliggjande sjiktovergang
  • Djupne: Omlag 1 meter djup skredmasse
  • Størrelse i fht varsom.no sin skala: Mellom størrelse 2 og 3
  • Det var også ein bruddkant lenger oppe, over den nederste hamrerekkja. Der gjekk det også eit lite skred, som kan ha trigga det store lenger nede

Frudalen ligger nordvest for Sogndal i Sogn & Fjordane.

– Han er i live!

Tindevegleiar Stein Falsen Møller kryssar snøskredet, det er bekmørkt rundt han. I lyset frå hovudlykta ser han ein person, han kvepp til og ryggar instinktivt eit par steg bakover. Det er jo liv! 

Andreas Vold har vore sakna i seks timar. Seks timar åleine ute i fjellet. Han er teken av eit snøskred. Med skadar på strupe, kjevebein, kraftig nedkjølt og med store hovudskadar har alle odds talt imot at han framleis skal vera i live. Det var ikkje hans tur å døy denne kvelden. 

27. februar 2017 startar slik som mange dagar før for Andreas. Han kjem heim frå nattskiftet i Sogn Vegteneste og møter kona Marit i døra. Ho er på veg til arbeid, han på veg i seng. Han lurer på kor lenge ho skal jobba. Ho svarar rundt klokka fire, Andreas tenkjer at han vil koma heim til då.

I helga som var har Andreas hatt besøk av familien frå Grimstad. Dei har stått mykje på ski saman, men berre i skianlegget. Andreas er av den typen som likar det litt brattare og meir utfordrande enn gjennomsnittet. 30-åringen er ein aktiv kar. Blant anna er han heilt i noregstoppen i downhillsykling. Actionsport er ei nemning som ofte blir brukt. Andreas beherskar både sykkel og ski særs godt.

I NORGESTOPPEN: Andreas er en av landets beste freeridesyklister. Her er han i aksjon i Nesbyen, før ulykken i Sogndal. Foto: Vegard Breie

I 2017 kom snøen uvanleg seint og litt mindre enn normalt tidleg i sesongen. Andreas hadde i tillegg nytta store delar av desember og januar på å pussa opp huset dei har kjøpt i Sogndal. Han er som så mange andre ekstra gira på mykje god skikøyring. Klokka eitt på ettermiddagen bestemmer han seg for ein rask tur fram i Sogndalsdalen. Som så mange andre, ein kjapp tur mellom alle andre gjeremål. 

– Det er eit privilegium me har i Sogn, nærleiken til fjella. Og hovudgrunnen til at eg og Marit flytta frå Oslo til Sogndal. Marit mykje nærmare foreldra sine på Hafslo. Og eg med leikegrinda sommar som vinter ti minuttars biltur frå heimen, fortel Andreas.

Andreas vel seg ut Frudalen som turmål. Før han reiser tek han ein telefonrunde til kompisar om nokon er gira på tur. Men alle er opptekne. Åleine køyrer han fram til Frudalen, der veit han at det alltid er mykje snø. Sjølv om han er åleine slår han på sendar/mottakaren sin. Ein radiosendar som gjer at ein kan bli funnen av andre som måtte vera i nærleiken, om uhellet skulle vera ute.

– Eg tenkte litt på det, om det var vits i det heile å ha den på, eg var jo åleine. Om noko skulle skje så ville eg nok ikkje få hjelp uansett, før det var for seint. Det var meldt skredfare tre, eg sjekka terrenget etter skredaktivitet medan eg gjekk innover Frudalen. Eit punkt det alltid går skred, ei renne ned frå Geitatogga var urørt. Eit godt teikn, tenkte han. 

Innover Frudalen møter han på to personar. Dei har vore på Frudalshesten, og kunne melda om godt skiføre nedover. Han smiler for seg sjølv, og tenkjer at dette skal bli bra. Det er den gode snøen Andreas er på jakt etter. Den turre lause, som gjer at ein får følelsen av å mest sveva nedover fjellsidene.

– Eg hadde ingen plan om kva tur eg skulle velja. Det er mange moglegheiter med Frudalen som utgangspunkt. På veg inn møtte eg to karar som kom ned frå Frudalshesten. Me prata kjapt om korleis føret var. Dei sa det var fin snø, og ynskte meg god tur. Eg bestemte meg og gjekk vidare eit stykke opp mot eit område kalla Storesteinen. Vidare mot Frudalsbotn før eg dreia skrått opp mot høgre. Nedanfrå hadde eg sett meg ut ei flott skilinje.

Andreas stoggar på ei høgd, om lag 1.050 meter over havet. Etter ein liten matpause gjer han seg klar til nedkøyringa. Skilinja han har plukka seg ut er om lag 350 høgdemeter før den flatar ut nede i Frudalen. Går alt etter planen er linja gjort unna på under eitt minutt. Derifrå er det slak helling og litt staking tilbake til parkeringsplassen ved tunnelopninga, han vil vera heime når Marit kjem heim.

– Planen er å gå fram til klokka tre, for så å snu. Då vil eg vera heima klokka fire. Klokka er litt over tre når eg gjer meg klar. For å koma inn i skilinja må eg gjera ein liten travers skrått nedover. Eg er så vidt byrja på den når det svartnar. Det er det einaste eg hugsar. Det var som ei rullegardin gjekk ned, eller at du får ei dør i fjeset. Alt er blankt i minnet. Eg hugsar ingenting, fortel han.

Klokka er om lag kvart over tre på ettermiddagen når skredet går. Det er endå tre kvarter til han, etter sin eigen plan, skal vera heimkomen. Det er ikkje den kaldaste vinterdagen. Men kanskje mellom fire–fem minusgrader i Frudalen. 

SKREDET: Dette bildet ble tatt dagen etter ulykken.

Klokka er fire og Marit er heime. Ho og Andreas har vore gift i to år. Marit har fått mange spørsmål tidlegare, om ho ikkje er bekymra for Andreas. Han er jo over snittet aktiv på både bratt stisykling og bratt skikøyring.

– Eg har valt å ikkje vera bekymra for han. Det vil ikkje hjelpa, han er jo alltid på farten. Det var også tilfellet når han ikkje kom heim den ettermiddagen. Eg tenkte at han kanskje var med nokre vener. Det er ofte ein tur blir litt lenger enn planlagt. Men det har aldri skjedd noko alvorleg. Eg følte ikkje det var noko unaturleg denne gongen heller. Ikkje før det byrja å skumra ute. Då kjende eg på at det ikkje var som det skulle vera. Eg kontakta fleire av dei faste turkompisane, og spør om han er med dei, men ingen har høyrt noko frå han. Det er då det verkeleg byrjar og gå opp for meg at noko faktisk kan ha skjedd.

Det har no gått om lag tre timar sidan skredet gjekk. I kameratgjengen går mobiliseringa veldig fort. Det mørknar fort ute, og ingen veit nokon ting, anna enn at Andreas er sakna. Marit får etter ei stund melding om at bilen til Andreas er funnen på parkeringsplassen ved Frudalstunnelen. Ho kjenner at panikken slår ho. Kameratane byrjar å organisera seg til ein leiteaksjon.

Alarmen om at Andreas er sakna spreier seg fort i det samansveisa skimiljøet i Sogndal. Tindevegleiar og medlem i Luster Sogn Røde Kors Skredgruppe, Halvor Dannevig, er ein av dei som får denne uoffisielle informasjonen.

Klokka 19.32 sender Halvor ut ei førehandsvarsling til medlemmene i skredgruppa: «Hei, uformell førehandsvarsling: Ein skiløpar er sakna i Sogndalsdalen, bil i Frudalen, politiet er varsla». Fortløpande svarar dei andre medlemmene. Dei fleste er i området og klare til utrykking.

Medlemmene i skredgruppa er godt drilla. Dei har personleg utstyr lett tilgjengeleg. Straks rykkjer dei ut mot Frudalen. Leiar i gruppa, Per Odd Grevsnes er innom depotet og hentar naudsynt ekstrautstyr. Dei førebur seg på ein aksjon i mørket, i eit skredutsett område. Undervegs blir det reflektert i kva som kan venta dei. Samstundes blir dei første planane lagt over naudnettsambandet, medan dei køyrer opp Sogndalsdalen.

– Det er mørkt, me skal inn i eit skredfarleg område. Det er meldt faregrad tre, og det er nysnø. Me veit lite, berre den korte meldinga som er kome inn. Me bruker den informasjonen me har, samt at me er kjende i området. Vurderingane starta før me er framkomne, forklarar Sander Buene i skredredningsgruppa.

Tida er både lagspelar og fiende i ein slik aksjon som no er i gang. Sjølv om skredredningsgruppa ikkje har fått melding frå politiet er allereie ni medlemmer kalla ut og på veg.

OVERLEVDE: Mot alle odds kom Andreas Vold fra den dramatiske ulykken i fjor med livet i behold. Foto: Håvard Nesbø

Klokka 19.59: Det blir slått full alarm frå Hovudredningssentralen, alle instansar blir kalla ut. Fem minutt seinare er dei første medlemmene frå skredredningsgruppa allereie framme ved Frudalen. Ni kameratar av Andreas er også på staden. Dei er fjellvande, gode på vurderingar og har skredkunnskap. Dei blir med skredgruppa som ein førsteinstans. Dyrebar tid er allereie spart inn.

Utdanninga til medlemmene i skredgruppa er særs høg. Alle har også kompetanse i leiarfunksjonar. På veg fram mot parkeringsplassen ved tunnelen som no blir Kommandosentral (KO) har ein over naudnettet lagt dei første planane. Klokka er 20.10 og snøscooterar samt politi kjem fort på plass.

Heime sit Marit og ventar på melding. Ho har fått besøk av eit par veninner som freistar å hjelpe ho so godt som råd. Einaste Marit kan gjera er å knyta seg til håpet om han snart blir funnen. Marit er livredd.

– Veninnene mine leitar etter håp. Dei seier ting som at Andreas sikkert «berre» har knekt ein fot, han er i eit område utan dekning for mobiltelefon. Tenkje på at det som har hendt ikkje er så alvorleg. At dette skal gå bra. Dei  nn han nok sikkert snart. Pappa kjem. Saman gjer me ei vurdering at me må fortelja foreldra til Andreas at han er sakna i fjellet.

Pappa ringjer og fortel dei kva som skjer. Marit blir fortløpande oppdatert av politiet kva som skjer.

Krevende redningsaksjon i mørket

Redningsmannskapene tror knapt sine egne øyne når de innser at Andreas er i live.

Tindevegleiar Stein Falsen Møller bur til dagleg i Bergen. Han er i Sogndal i samband med at han held eit kurs gjennom Breogfjell. Han har også lang erfaring igjennom Norske Alpine redningsgrupper. Soleis høg kompetanse innan redning.

– Eg fekk beskjed om at ein aksjon var på gang. Etter at dei lokale hadde rykkt ut, blei det fort klart at ein trengde all den kompetansen ein kunne få. Så eg melde meg i KO. Straks blei eg sendt med scooterførar Andreas Gjerde innover dalen, for å assistera dei andre.

Den første puljen med Dannevig og kollega Sigurd Felde i spissen, har allereie  yta seg langt innover Frudalen. Dei leitar etter skispor, først i retning Skjerdingane vest, eit populært brattkøyringsområde. Der finn ein ikkje spor, og det blir kryssa rett over dalen mot Frudalsbotnen. 

Sander Buene og Endre Vonheim er med i gruppe to som kjem litt lenger bak. Sidan vestsida av dalen er klarert tek dei seg meir rett opp den vanlege turvegen mot Frudalsbotn. Falsen Møller sluttar seg også til denne gruppa. Dei har då kurs forbi området Storesteinen ved sørvestflanken opp Frudalshesten.

– For å kome bort til gruppa kryssar eg skispora til den første gruppa, litt meir utover Frudalen att. Eg registrerer langt framme i lyset frå hovudlykta at det er rasa ned litt snø frå fjellet. Det såg ikkje så mykje ut. Halvor og den første gruppa har sjekka ut fleire småskred etter kvart som dei passerarar innover dalen. Men det er mørkt og uoversiktleg, ein er ikkje hundre prosent sikker på at alle skredene er blitt sjekka ut, fortel Falsen Møller.

Gruppa er allereie i eit komplekst turterreng med mykje skredaktivitet. Berre Falsen Møller går bort til skredtunga. Han oppdagar i lyset frå lykta at skredet er mykje større enn først rekna med. Han kryssar skredet. Det går som eit lyn gjennom han. Han ser ei ski som ligg lenger oppe. Det går opp for han at dei står over for ei reell skredulukke. Han tenkjer det er mange timar sidan skredet gjekk. Kan Andreas vera i live etter så lang tid? Det er berre eit fåtal som har overlevd så lenge i eit skred. Vonheim kjem til, Buene står lenger nede og melder frå på radio om funnet.

– Vonheim og eg startar straks med eit overflatesøk i skredet. Vonheim får fort inn signal på sendar/ mottakar, og jobbar seg oppover der det kjem frå. Ikkje mange sekundane seinare seier han at han ser ein person langt der oppe. Stein er litt høgre oppe enn Vonheim, og kryssar over frå andre sida av skredet og nærmar seg Andreas. 

Andreas har lege fleire timar i skredet, Falsen Møller og resten av mannskapet er førebudd på det verste. Dei tenkjer at marginane absolutt ikkje er på Andreas si side. Andreas ligg oppå skredet, i ei utløpssone. Faren for nye skred er uavklart, då det er mørkt. Ein må korta ned tida ein er i området til så lite som mogleg.

– Det første eg tenkjer og førebur meg på, er at eg må bort til Andreas. Få bekrefta at han er omkomen. Vidare at me trekkjer mannskapet tilbake til sikkert område. Der me kan bestemma oss for kva me skal gjera. Medan eg er på veg ropar eg til Andreas. Og det er då det utrulege skjer. Andreas responderer, han forsøkjer og reisa seg opp, han støttar seg på høgrearmen, han løftar på hovudet litt.

Falsen Møller blir lettare sjokkert over kva han ser. Han tek to tre steg tilbake, førebuingane han har gjort seg må nullstillast. Situasjonen har brått fått ei endring, Andreas er i live.

– Vonheim er på plass samstundes med meg, me får støtta opp Andreas som då er i sitjande stilling. Me ser at Andreas har ganske store hovudskadar over venstre auge, ei stor heving og ein del kutt i ansiktet. Han skjelv og skibrillene er knust, dei ligg på skrått over ansiktet. Me skjønar fort at han er hardt skada. Pusten til Andreas er raspande, ein slags snorkelyd. Han pustar dårleg. Me sjekkar han for andre skadar. Sidan han allereie sit i snøen så reknar me med at hofter, lår, rygg og nakke er ok.

Vonheim og Falsen Møller bestemmer raskt at Andreas må evakuerast vekk frå det skredutsette området. Dei sjølv er også i ein potensiell faresituasjon sidan ein ikkje har oversikt over fjellsida høgre oppe. Det kan koma fleire skred.

– Me legg Andreas ned i ein vindsekk, det kjem til fleire hjelparar. Me startar evakueringsprosessen. Andreas treng hjelp fort. Me må ut av området. Eg held hovudet hans og dei andre dreg vindsekken. Me kjempar oss nedover djupsnøen. Det er om lag 300 meter før me kjem ned til i dalen. Undervegs sjekkar me fortløpande om han pustar. Me pratar til han, og me får litt respons. Andreas nikkar og ristar svakt på hovudet når me spør han om han har smerter.

Gruppa som fraktar Andreas, kjem ned til eit område dei de vurderer som trygt, og utanfor utløpssoner for  eire skred. Der møter dei eit større mannskap som står klar til og assistera. Alt er rigga klart. Skredgruppa har ei vakuumbåre (rescuebag) som gjer at når ein ligg i den så ligg ein stabilt, og ein er klar til å transportera Andreas ut med skuter. Samstundes kjem SeaKing helikopteret.

Redningsmannen blir firt ned og tar med seg Andreas til Førde. Falsen Møller har vore aktiv i redningstenesta i fjorten år. Han har opplevd alle sider ved ein aksjon. Men han trekkjer fram at skredet i Frudalen er spesielt.

– Det som gjer denne aksjonen så spesiell er tidsaspektet. Andreas har lege lenge ute. Han har kjempa ein enorm kamp med seg sjølv, for å overleva, bevisst eller ubevisst. Om ikkje nødvendigvis hovudet, så har kroppen gjort det. Det var eit utruleg dyktig og profesjonelt apparat som var i sving inne i Frudalen. Ein aksjon eg aldri kjem til å gløyma. 

Att står eit mannskap og applauderer, dei ligg utslitne rundt i snøen, ei felles lette for at ein har gjort det ein kunne. Det er rekna med at frå Andreas vart funnen til han vart heist ut, så gjekk det ein god halvtime. Andreas blei henta ut med helikopter klokka 21.45. I seks og ein halv time har kroppen hans kjempa ein innbiten kamp mot kulde og skadane for å overleva. Andreas har vunne. Men det er berre første runde. I året som kjem, kjempar han og Marit ein veldig tøff kamp for å få livet tilbake til det normale att. 

Andreas Vold berga livet i snøskredet i Frudalen. Han vart funnen særs forkomen etter å ha lege over seks timar åleine ute i vinterfjellet.

Den lange vegen heim

Takka vera den snarrådige innsats og kompetansen til dei frivillige i skredgruppa, fekk aksjonen ein lukkeleg slutt denne februarkvelden i 2017. Ein lukkeleg slutt som også blei starten på eit lengre mareritt for Andreas.

Det neste året kjempar han ein enorm kamp med seg sjølv. Ein kamp for å koma seg tilbake til livet han kjenner så godt frå før. Men livet til Andreas vil for alltid vera forandra.

I KOMA: Andreas på sykehuset i Bergen dagen etter ulykka. Foto: Privat

Andreas har fått hard medfart i skredet. Ingen veit sikkert kva som har skjedd. Men han har fått skadar på pusterøyr, knekt kjevebein og brot over venstre augnehole. Hovudskaden gjer også til at han har hatt fleire blødingar i hjernen. Ein veit heller ikkje om han har vore bevist eller bevisstlaus i periodar. 

Andreas blei flogen til sentralsjukehuset i Førde. På sjukehuset hadde kroppstemperaturen allereie stabilisert seg til 37,2 grader. I Førde gjekk han gjennom ei CT undersøking, og ein medisinsk sjekk. Kona Marit har samstundes køyrt frå Sogndal for å møta Andreas som ligg  i Førde. Omfanget av skadane gjorde til at det blei bestemt at han måtte vidare til Haukeland sjukehus i Bergen, for spesialistoppfølging. 

På Haukeland blir Andreas lagt i kunstig koma i tre døger. 

 – Eg hugsar ikkje noko. Eg har blitt fortalt at  det første eg gjorde når dei vekte meg, var at eg prøvde å trekkja ut oksygenslangen som gjekk inn i munnen. Reaksjonen min var at det er noko som ikkje skal vera der. Det var tre sjukepleiarar som prøvde å halda meg på plass, men det greidde dei ikkje. 

Ved Haukeland har ein fått stabilisert Andreas og han blir flytt tilbake til sjukehuset i Førde.

Marit fortel at dei tre første vekene hadde Andreas mist evna til å prata. Når ein fekk kontakt med han, responderte han med tommel opp eller ned. 

– Språket som vart vekke var ei utfordring. Men me fann ei løysing. På sjukehuset opererer ein med ein bevisstheitsskala. Andreas låg midt på denne. Han var på ein måte vaken, men ikkje med likevel. Me fekk kontakt med han, men han var ikkje til stades. Han greidde å svara på enkle spørsmål med tommelen.

Marit fortel at språket kom tilbake etter tre veker. Sjølv om dei fysiske utfordringane stod i kø for Andreas, låg det endå meir bak som ein ikkje kunne sjå med augo. 

– Eg opplevde dagen etter han fekk att språket at han var veldig forvirra. Uroleg og engsteleg. Han forstod ikkje kvifor han var på sjukehuset, og lurte på kva som hadde skjedd. Dette blei starten på ein lengre forvirringsfase. Noko som det er vanleg ein går inn i etter slike store påkjenningar som han var utsett for. 

Andreas gjekk inn i det som kallast posttraumatisk stress. Ein tilstand som ofte varierer i kraft ut ifrå kor store traumar ein har som utgangspunkt. Ein psykose der ein misser alt begreip om verkelegheitsoppfatning. Ein skil ikkje mellom verkelegheit og fantasi. Ofte kombinert med angst. På sjukehuset trudde ein først at han var ferdig med dette. Marit følte at ein no gjekk inn i ein ny fase.

– Det blei eit nytt kapittel me gjekk inn i. Første fase var om han lever, før han blei funnen. Den neste om kva skadar han hadde blitt påført. Om han blei heilt frisk fysisk. Det psykiske tek ofte mykje lenger tid å få klarlagt. Andreas hadde fått Delirium. Då dette starta og ikkje gav seg, blei me veldig usikre. Me tenkte på om dette skal bli framtida. Ein kronisk tilstand resten av livet. 

Ut ifrå skadane på hjernen hadde helsevesenet trudd at denne fasen skulle ta raskare slutt enn den gjorde. Han var konstant plaga og brukte seks veker på å koma seg ut av tilstanden. Sjølv hugsar Andreas berre brotstykke.

– Dei få minna eg har er mest som ein draum. Eg greier ikkje tidssetja minna, eller og plassera dei. Det heile er diffust. Ingen stad, tid og rom eller rekkjefølgje.  

Men minna er der. Andreas kunne til dømes sjå ut glaset frå rommet han var på. Der ser han folk som går, bilar som køyrer forbi. Det daglege livet. Men inni hovudet hans var han sikker på at det han såg var det han som styrte sjølv. Der var det eit kaos.

– Eg trudde at det var eg sjølv som plasserte dei personane eg såg, der dei var. Det eg såg var det eg som styrte. Eg hadde vrangførestillingar om mykje. Eg trudde eg var på TV. Eg trudde eg var blanda inn i ein russisk konspirasjon og Marit var med på denne. Eg hadde fleire stemmer inne i hovudet som prata. Anfalla kom som angst og kom gjerne fleire gonger i løpet av ein dag. Eg var livredd.

Marit var med Andreas på sjukehuset frå dag ein og kvar dag i dei tre månadane han var innlagd.  

Men endringa skulle koma like raskt som den oppstod. Ein merkedag for Marit og Andreas er 20. april.

– Det byrjar eit par dagar før. Eg skjønar det er noko rart, det er noko som ikkje stemmer. Eg spør Marit om at når ho er ute og går seg ein tur, om ho ikkje kan kjøpa med eit eksemplar av skimagasinet Fri Flyt til meg. For om det finst eit heilt magasin, så blir det for stort til at eg greier å finna opp eit heilt skimagasin i hovudet mitt. Ho kjem tilbake og hadde ikkje fått fat i bladet. Eg tenkjer, sjølvsagt. Alt er jo berre fantasi. Men dagen etter spør eg igjen. Då finn ho eit blad. Når eg har bladet i nevane, ser eg at dette er eit ekte Fri Flyt. Noko eg ikkje greier å finne på av meg sjølv. Alt innhaldet. Eg bryt saman. Dette er ikkje berre ein draum lenger. 

Dagen etter sit han og pratar med Marit og ein sjukepleiar. Plutseleg berre skjer det. Han pratar fortare, meir samanhengande enn nokon gong. Han beskriv det som eit slør som forsvinn.

– Det var heilt rart. Andreas byrjar ut av ingenting å prata fortare. Han fortel om syklinga si, om kor kult det er å stå på ski. Mange ord han ikkje har brukt sidan før ulukka. Alt skjer i løpet av få minutt. Det fossa berre på meir ord. Han var plutseleg seg sjølv att. Eg spurde han, kva var det som skjedde no. Eg er ute av bobla svarar han. Han studerer fingrane sine, reiser seg opp. Gjentek at han er ute av bobla, Andreas skjønar verkelegheita att.  

Hugset og minna kjem tilbake.  Alt tidlegare, har vore som ein slørete draum, og noko som han har blitt attfortalt.

Sjukepleiaren går ut av rommet. Dei to sit åleine og kan nesten ikkje tru det som skjer. Han er fortruleg med kven han er. Han fortel korleis det var for to timar sidan. 

– Eg opplevde det som at eg var eitt hundre prosent frisk att. Eg vaknar. Kjenner ein herleg følelse., angsten og forvirringa har sleppt taket. Eg tenkjer at dette her har vore slitsamt lenge. Eg skjønte kva alt dreia seg om. Det var ein lukkefølelse eg ikkje har kjent nokon gong tidlegare. Det var pur glede. Meg og Marit blei berre sitjande og sjå på kvarandre og le. Me greidde ikkje stoppa å le. Den beste dagen i mitt liv. 

Han føler ei  trong til å ringja mamma og pappa, svigermor og svigerfar, fortelja at han lever.  Han tek ei runde rundt på avdelinga han ligg på. Han har ein sterk trong til å helsa skikkeleg på alle som jobbar der. Dei so har trøysta han, hjelpt han, i over to månader. Sjølv om dei har møtt han mange gonger, så har dei aldri møtt den ekte Andreas før. Dei tilsette strålar om kapp med Marit og Andreas. 

Frå ulukka skjedde til Andreas blei utskriven har Marit vore med han kvar dag. I over to månader ynskte han ikkje besøk av nokon andre. Han skamma seg over kven han var, at han ikkje hadde kontroll. Men Marit sit urokkeleg ved sida hans heile vegen. Då det var som verst orka ikkje Andreas lys. Dei to sat inne på eit mørkt rom heile dagane. 

– Marit har vore og er mi klippe. Ho har alltid vore der for meg. Ho har vore min stabilitet i ein kaotisk kvardag. Det er ho som har heldt meg fast. Eg har alt å takka ho Marit for.  

Sjølv med eit gjennombrot så blir Andreas på sjukehuset ein månad til. Han kjenner same kvelden han kom ut av bobla på ei svimmelheit. At noko ligg og ulmar. Det er framleis uro i hovudet, men han er klar og bevisst på det. 

– Eg blei ekstremt svimmel etter bobla sprekte. Ting gjekk heilt rundt for meg. Legane beskriv det som at høgre hjernehalvdel er mykje sterkare enn den venstre. Alt snurrar mot venstre. Det er som at ein har køyrt karusell på eit tivoli ein million gonger.  

Retningsvimmelheita plagar han i fem veker, ut heile mai månad. Han blir skriven ut frå sentralsjukehuset 1. juni. Resten av sommaren er han «berre» svimmel, til det tek slutt i september. 

Andreas har mista mykje av grovmotorikken i kroppen. Mykje av de han kunne frå før må lærast på nytt. Som ein av landets beste downhillsyklistar var baklengs salto både på sykkel og ski ein av spesialitetane hans. No kunne han ikkje hoppa rett opp og ned ein gong. Å sitja på i ein bil var lenge ei stor utfordring. Ting i bevegelse greidde han ikkje å fanga opp. 

– Andreas er utruleg viljesterk. Alle ting som måtte trenast opp har han jobba målretta for å meistra. Det er hard jobbing. Det har vore framsteg kvar dag, seier Marit.

Tilbake på ski

– At ein person som har vore så nær døden, så forkomen, eit år etterpå er til dei grader i live. Ein vital mann som syner ein rå styrke.

Berre få dagar før det har gått eit år sidan ulukka, er Andreas tilbake på parkeringsplassen ved Frudalen. Men denne gongen går turen opp dalføret ved sidan av. Han har bestemt seg. Han har trent i heile haust og vinter. Ei ny barriere skal brytast, han skal køyra bratt på ski igjen. Det er Fjellsportfestival og Andreas har meldt seg på Sogndal Freeride. I konkurransen blant nokre av Noregs beste brattskikøyrarar køyrer Andreas inn til ein imponerandes 13. plass blant dei 34 som stilte til start.

ETT ÅR ETTER: Andreas i aksjon i fjella i Sogndal. Foto: Håvard Nesbø

Tindevegleiar Stein Falsen Møller som var den første som kom fram til han i ulukka er også der. Han må gå ei kraftig runde med seg sjølv når han skjønar kva han er vitne til.

– Det var ei veldig sterk oppleving. Eg står ved starten oppe i fjellsida som ein del av sikkerheitsteamet under frikøyringskonkurransen. Det går opp for meg i det Andreas set utfor, at dette er same Andreas eg var med på å redda. At ein person som har vore så nær døden, så forkomen, eit år etterpå er til dei grader i live. Ein vital mann som syner ein rå styrke. Det er vanskeleg og setja ord på. Det han har greidd å kjempa seg gjennom er for meg heilt ubegripeleg. Ei anerkjenning av ein skikkeleg kamp han har kjempa både i fjellet og i etterkant. Andreas er eit godt døme på det å finna fram den overlevelseskrafta eit menneske kan ha, langt utover det me trur er mogleg. Eit godt døme for alle oss andre, at det nyttar og kjempa. 

Sjølv om Andreas ikkje hugsar noko frå ulukka, så trekkjer han fram den avgjerande innsatsen til redningsmannskapa og dei han møtte gjennom rehabiliteringsfasen.

– Eg opplevde å bli møtt med ei sterk medmennskelegheit i tida eg låg på sjukehuset. Me er heldige som har eit slikt system og kompetanse her i Noreg. Men for meg bur dei verkelege heltane i Sogndal. Det finst eigentleg ikkje ord over takksemda eg har overfor dei gode venene mine og skredredningsgruppa. Dei som leita etter meg. Dei som rykte ut og redda meg den februarkvelden. Det var ein avansert aksjon som kravde ekstremt høg kompetanse. At denne kompetansen finst her, redda livet mitt. 

– Me føler oss så små, ein blir så audmjuk når ein tenkjer på redningsapparatet som hjalp til. Takknemlegheita er altoppslukande. Den avgjerande innsatsen frå redningspersonellet. Eg føler eg har alt og ingenting å stilla opp med tilbake. Ord blir fattige, det er kjensler og takksemd som ikkje kan beskrivast godt nok, seier Marit.

FLIPPEN SITTER: Alt måtte læres på nytt - backflip inkludert! Foto: Håvard Nesbø

Eitt år etter skredet er Andreas tilbake på jobb i Sogn Vegteneste. Han er tilbake i naturen han flytta til Sogn for å vera i. Han har vore på sin første skitur i høgfjellet etter ulukka. Livet er omtrent tilbake der det skal vera. Men Andreas vil aldri bli den same som før ulukka i Frudalen.

– Eg har nok forandra meg som person. Eg set mykje meir pris på nærleiken til dei nærmaste venene og familien. Me må nyta tida me har saman. Gleda oss over dei nære men ofte små tinga me tek for gitt her i livet. 

Som konkurransemann har Andreas lagt bak seg sin livs tøffaste konkurranse. Eitt år for å koma tilbake til samfunnet, eit normalt liv. Det krevst ein ekstra styrke som ein berre finn når ein absolutt må. Men for Andreas er orda enkle å seia, det er gjennomføringa bak som er den verkelege jobben.

– Ein kan ikkje gje opp. Ein må aldri slutta å kjempa. Ein har ikkje noko val det er ikkje slik det fungerer. Gir ein opp har ein tapt. Ein kan ikkje gje opp livet.