Ein gong for svært lenge sidan i eit tett, uventilert klasserom, snakka ein sliten lektor om korleis den siste istida forma u-dalar og v-dalar. Merksemda di vippa fram og attende mellom den monotone stemma, og tankar om kva slags herjingar helga ville bringa. No, i vaksen alder, vil du kanskje høyre og forstå forteljinga om dette geologiske underverket, med ei heilt ny djupn. Bokstaveleg talt. 

Forteljinga er enkel, og handlar om korleis isen kverna og grov ut eit grovt utsnitt av landet, der menneske, innsjøar og fjordar kunne slå seg ned. Utsmykkinga, dei bratte juva og detaljrike jettegrytene, overlèt han til elvene å inngravere i landskapet. Dette er stadar der isklårt vatn let deg sjå heilt til botn på 10 meters djup. Dønn vertikale veggar på kvar side – einaste veg til og frå er å fylgje elva. Bratte stryk sperrar vegen både oppstraums og nedstraums. Nede i juvet er det ikkje rom for feil. Då er det ei temmeleg rå kjensle når du berre ser tretoppane føre deg, og veit at her blir det action – elvepadling på sitt aller beste. På stader berre elvepadlarane når.