Langt oppe i fjellheimen reiser to taggete haifinner seg mot ein lettskya himmel. Den kvasse fjellformasjonen bryt hardt med bakgrunnen, ein intens blå og blikkstille fjord som buktar seg ut frå Gudvangen. Ei line står spend opp mellom klippene, og ein mann balanserer på bandet. Tom Erik Heimen har hatt denne dagen i tankane i over eitt år. Heilt sidan Veko- og Paragliderveteran Einar Såkvitne introduserte han for tanken om stuntet som skal nå sitt klimaks mellom haifinnene og den stramme lina.

Se film nederst i artikkelen!

– Me planla dette i 2018, men ting klaffa ikkje før no. Eg trur Einar har hatt dette i tankane i mange år, og det var han som introduserte meg for slakkline-folket.

– Var det ei komplisert sak å planlegge?

– Eg tenkte med ei gong at dette skulle gå greitt, med gode planar. Lokasjonen var perfekt. Me har øvd her i årevis med med wingsuit, og me fekk ned på papiret kva som kunne gå gale slik at desse farene i størst muleg grad kunne eliminerast. Men, det er klart at når ein sit og ser på dette papiret, så lurer ein på i kva alle dagar ein gjer på. 

– Når du ser kva innsatsen er?

– Ja. Men så må ein hugse erfaringane sine. Eg visste at så lenge vêr og vind var ok, så går det greitt. Skulle dette gå gale, måtte eg ha mista forstanden.

Tryggleiksarbeidet er det Tom Erik legg vekt på når han skildrar stuntet. Han seier det er gjort med veldig gode marginar. Dugleikar, vingedrakter og kunnskap er kome på eit så høgt nivå at dette er ein annan sport enn for 10 år sidan. Og så syner ikkje eit fett filmklipp på 5 sek, all førebuinga som ligg bak. 

– Me har fyllt ut skjema med alt som kan gå gale, og laga ei grundig risikoanalyse på heile prosjektet. Veko har løfta seg veldig i seinare år når det kjem til dette, og det skal dei ha skryt for.

– Eg tenkjer at det kan verta for mykje planar. For mykje tryggleik, om du skjønner kva eg meiner? Kan ein ikkje øydelegge noko av fridomen og kreativiteten til utøvarane om alt skal inn i eit 9-felts riskoanalyseskjema?

– Alle einskiltutøvarar kan ikkje laga ein plan for alt dei skal ut å gjera, men det som hender i regi av Veko må dokumenterast på denne måten.

Eg skjønner kva han meiner når eg står i Veko-teltet og ser «Dagens Video» på fredag. I mørkret med stilla frå eit fullt telt, lyser storskjermen opp i djupe blå og grøne fargar. Nærøyfjorden, lyngen og lauvskogen. Og ei line, ei svært lang line, med ein liten prikk av ein balansekunstnar skjelvande oppå. Og så kjem lyden. Buldringa av vingedraktflygarar, og truleg noko velklippa musikk, før to desse to prosjektila suser rett over og rett under den slakke lina. Så fort at ein nesten, men berre nesten, ikkje ser kva som hender. Slikt hender berre om ein meistrar balansekunsten mellom uredd, skapande inspirasjon og tolmodig, presis kalkulering. Jo større og villare visjonar, jo større krav til kontrollen.

– Men når du seier 100% trygt, så må eg protestere, protesterer eg når Tom Erik forklarar kor grundige dei var i tryggleiksarbeidet.

– Livet generelt er ikkje 100% trygt. Eg køyrde nett forbi ei ulukke på veg over Sognefjellet, der det låg ein bubil på taket, og to skada vart teke hand om i grøftekanten. Ein er ikkje 100% trygg på noko. Men me hadde ein plan A, ein plan B og ein plan C. Og så har eg halde på i mange år. Eg veit at dette er noko me vil gjera, ikkje noko me må gjera. Om det ikkje kjennes bra ut er det berre å backe ut. 

– Du må legge vekk ytre press?

– Jajaja. Det er det første ein må gjera. Eg hadde 60 hopp på ei veke tidlegare i år, og det er berre for meg. Alt av ytre press må vekk. 

– Du må kjenna på kva hovudet og hjartet vil?

– Ja!

Endå ein balansekunst som skal dyrkast innanfor ein ekstremsportfestival som har stor mediadekning, høge sponsorbudsjett og mykje sosialt press på å prestera. Eg tenkjer at det er ein destillert versjon av ekstremsportmiljøet, der sosiale media kan bringa fram det beste og verste (og truleg alt i mellom) i korleis me utøver aktiviteten vår. Både Tom Erik og Einar trekker fram betydninga av at dette var eit prosjekt utan ein stor sponsor bak. At hjarte for sporten og utfordringa var det einaste som betydde noko.

– Og så var det viktig å få fine bilder og fin film av dette?

– Jo, «Dagens Video» er jo ryggraden i Veko, ein del av sjela til festivalen.

Han har rett. Stilla frå flokken i teltet eksploderer i eit jubelbrøl i det Tom Erik og  Noah Banson passerer Martin Gravdal på lina og susar ut i den blå bakgrunnen. Eg står med ein øl i handa og let meg rive med av kjenslene som velter over meg når spenningskurva når maks. Denne balansekunsten rører ikkje berre ved balansekunstnarane sjølve.

– Alle har ei stemme i hovudet som seier at dette er ikkje trygt. Dette skal eg ikkje gjera. Du kan ikkje gå rundt heile livet og høyra på denne stemma, høyre på mor di. Då hadde det vorte kjedeleg. Ho vil jo helst at du skal vera forsiktig og stella i hagen.

– Det kjem an på mor di.

– Hahaha! Jojo, men altså, nokon vil ut å hoppe base, og då er det slik at grensa mellom ditt livs beste dag og verste dag er hårfin. Og det må ein ta inn over seg.

– Korleis?

– Eg meiner me må bygge opp gode haldningar og gode verdiar i miljøet. Ting skal gjerast skikkeleg. Du må trene teknisk og fysisk, ete godt og sove. Kroppen må fungere skikkeleg for at ein skal kunne prestere skikkeleg. Etter ein fest bør me nok formidle at ein ikkje skal gjere eit krevande hopp.

– Einig. 

– Bra.

Dag Sandvik (35)

Filmen er klipt av Stefan David Witts, og filmet av Magnus Roaldset Furset, Amund Lyslo Storlien, Rory Sagstad, Øyvind Nyborg, Noah Banston og Stefan David Witts.

Dag er vossing, frilansskribent, skikøyrar og elvepadlar. Han har i fleire år satsa fullt på konkurransar i elvepadling, ved sida av å dyrke interessa for å utforska både fjell og elver i nære og fjerne strok. I framtida har sosiologen – som også er lokalpolitikar for SV i Voss kommunestyre – lova å nytte litt mindre tid på firkanta konkurransar og litt meir tid på fri utforsking av fjell, elver og det skrivne ord. Denne veka skriver Dag fast frå Ekstremsportveko her på friflyt.no, og i årets sommerutgåve av Fri Flyt har han skrevet om elvepadling i både Noregs finaste juv og i Asahan i det fjerne austen.

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel: