Torkel bur på austlandet, men saknar å ha Vossafjella rett utanfor døra. Han reiser til skibygda så ofte som mogeleg for å leika seg i fjellet. Eit par ekstra gode skidagar per sesong kan ein leva lenge på!

Hans beste skiminne kjem faktisk frå ein gong det hadde snødd 1,5m over natta. Torkel budde like ved den tidlegare gondolen og freistinga blei for stor. Han heiv seg ut om morgonen og drog rett i anlegget i staden for på skulen. Han møtte tilfeldigvis ein kompis der som hadde tenkt akkurat same tanke. Dei køyrte ski i urørt pudder heile dagen – ein draumedag. «Kanskje ikkje ta med dette som eit tips!» ler Torkel når han er ferdig å fortelje.

Bildetekst: Sjølv om det regnar i låglandet, kan det komma snø og pudder i fjellet! Foto: Klaus Finne og Torkel Brekke
Bildetekst: Sjølv om det regnar i låglandet, kan det komma snø og pudder i fjellet! Foto: Klaus Finne og Torkel Brekke

Torkel er flyteknikar, og har ein jobb der han har vaktskift og kan vera fleksibel med avspasering. Skulle han ha bytta yrke no hadde fleksibilitet vore på toppen av ønskelista. Å kunne jobba inn ein dag og ta fleire mini feriar gjennom sesongen er hans fremste tips. Har du ikkje denne goden kan du prøva å få nytta ein feriedag, eller to. Då kan du dra på tur når snøen er god, enten det er søndag til onsdag, eller torsdag til laurdag. Kan du dra på kort varsel er sjansen for urørt pudder og tomme kordfløyelsløyper endå betre. «Send gjerne ei melding til anlegget eller destinasjonsselskapet, som Visit Voss, og spør korleis forholda er. Då kan du verkeleg få utbytte av turen.» tipsar han til slutt.

Ei bygd - tre anlegg

Eit anna tips om du har moglegheit til å dra på småturer eller weekendturer er å planlegge turen etter tilbod og kampanjar. Vy har ofte 199 kroners kampanje, då kan du komma deg billig frå Oslo til Voss. Midtvekes er det ofte tilbod på overnatting også, på Voss kan du t.d. få god rabatt på hytter med ski in/ski out.

Finnbunuten 1358 moh er lett tilgjengeleg frå toppen av Kari Traa-trekket i Myrkdalen Fjellandsby. Foto: Torkel Brekke
Finnbunuten 1358 moh er lett tilgjengeleg frå toppen av Kari Traa-trekket i Myrkdalen Fjellandsby. Foto: Torkel Brekke

Ski i kvardagen

Torkel Brekke drar ikkje berre på skiferiar, han klarar også å få mange turar inn i kvardagen. Ein kan samanlikne det å komma seg ut på ski, med å komma seg på trening. «Det er ei dørstokkmil for å komma seg ut, men jo meir ein gjer det jo meir lærer ein seg at det er kjekt uansett». Torkel har fleire gode, konkrete tips:

·       Legg skiplanen dagen før. Gjerne med ein venn, slik at det blir høgare terskel for å avlyse.

·       Ha utstyret lett tilgjengeleg, både ski og ull. Då slepp du leiting rett før du skal i veg.

·       Kombiner fleire hobbyar. Er du interessert i trening? Gå på topptur. Er du glad i foto? Ta med kamera. Då er gulerota endå større for å komme seg ut.  

·       Benytt deg av kveldskøyringstilboda. Det er lettare å komma seg i anlegget enn på topptur og du rekk fleire turar på kort tid. Er det komme pudder rekk du mange fleire turar i anlegget enn på ein topptur.

Olsskavlen i kveldssol. Foto: Kjartan Haugen, turogfoto.no
Olsskavlen i kveldssol. Foto: Kjartan Haugen, turogfoto.no

Ei hemmeleg perle

Dei siste åra har Torkel blitt meir og meir interessert i randonée og topptur. Dette har gjort det endå kjekkare å reise heim. «Terrenget er det beste med Voss» seier han, utan å måtte tenke seg om. Vossafjella er leikne og byr på veldig variert terreng. Ein har turar i alle himmelretningar både i skogen og i høgfjellet. Frå det høgste fjellet Olsskavlen kan ein på gode dagar sjå heilt til Hurrungane, Folgefonna og Hardangerjøkulen.

Få fjellet for deg sjølv

Til og med heisbasert frikjøring er ekstremt bra på Voss. Nærområda rundt anlegga har mange områder å utforske. To gode plasser å begynne er t.d. Finnbunuten i Myrkdalen og Lønahorgi ved Voss Resort.

Voss bør vera på alle skientusiastar si reiseønskeliste.  

Då Torkel var yngre var det kjekkast han visste å leite etter ulike plassar både i sentrum og til fjells for å byggje hopp eller raile på rekkverk. Foto: Karoline Fosse
Då Torkel var yngre var det kjekkast han visste å leite etter ulike plassar både i sentrum og til fjells for å byggje hopp eller raile på rekkverk. Foto: Karoline Fosse