Kvar går ein for å få tips om dei aller beste skogskøyringsplassane på Voss? Til dei som er ute og går på ski kvar bidige dag, sjølvsagt. I dei mest aktive treningsperiodane går randonee-utøvarane Lars Erik Skjervheim (39) og Hans-Inge Klette (23) opp mot 20.000 høgdemeter i veka. Mange av dei høgdemeterane vert gått i skogen.

Skogskjøring Jordalen Voss Myrkdalen pudderkjøring
Open og leiken bjørkeskog i Jordalen Foto: Hans-Inge Klette

-  «Topptur» er eigentleg eit litt misvisande omgrep når det kjem til å gå i fjellet med randoski, for det er kanskje berre på halvparten av turane at ein faktisk går til toppen. Dei fleste turane går frå der snøen startar til der snøen sluttar å vera god. Og då er det ofte skogen me ender opp i. Snøen er ofte betre, mindre vindpåverka, og ein har meir konturar i terrenget, seier Lars Erik.

Sjølv om det berre er snakk om 150 eller 200 høgdemeter med god skikøyring, gjer ikkje det noko. Det er berre å gå fleire gonger, det.

- På veg opp tenkjer eg ofte «dette er siste turen». Men så kjem du til nedkøyringa, og då er det gløymt. Får eg 200 høgdemeter med bra skogskøyring kan eg fort gå den turen 10 gonger på rad, seier Hans-Inge.

- Det er kjekkare enn å stå på tredemølle i to timar! seier Lars Erik og ler.

- Det er det som er så kjekt med denne sporten; du får slitet på veg opp – og leiken på veg ned att. Først yta, så nyta!

Lars Erik og Hans-Inge er ikkje redde for å letta på sløret om dei beste skogskøyringsplassane på Voss. Det betyr fleire oppoverspor til dei. Mindre brøyting, meir treningsutbytte.

- Også er det viktig å dela på godsakene, meiner me. Det er stort sett plass til alle, uansett. Men sjølvsagt – nokre perler held ein alltid tett til brystet. For å sjå dei må du koma å gå på ski med oss, smiler Lars Erik.

Leiligheit i Myrkdalen, ypperlig utgangspunkt for toppturar kring Voss

Skogskjøring voss myrkdalen topptur pudderkjøring
Randonee-utøvarane Lars Erik Skjervheim og Hans-Inge Klette har hatt tallause treningstimar saman. No er Lars Erik ferdig på landslaget, medan Hans-Inge satsar vidare for fullt.

Hans-Inge og Lars Erik sine beste skog-tips:

1. Bavallsskogen
Lett tilgjengeleg med tilkomst frå skianlegget Voss Resort, og har bratt og fin skikøyring. Du kan anten stå i skogen på aust- og søraustsida i Bavallen, ned frå «myra» og mot Bavallstunet/hoppbakken.

Øvst er det veldig flott skogsterreng, men på slutten vert skogen tettare. Då kan det vera lurt å ta på feller og gå opp att same ved som du køyrde ned.

Ein annan variant er skogen på sørsida av Horgaletten, på begge sider av Utforløypa. Her kan ein ofte finna mykje god snø, spesielt i vekedagane.

Knalltilbod midtveke Voss Resort – få snøen og skianlegget for deg sjølv!

2. Jordalen
Ei perle av ein plass, der du finn noko av den finaste skikøyringa på Voss.

Jordalen er også kjend som ei snøhole, der det ofte snør mykje og snøen held seg godt. Her har du fleire flotte område med open og fin bjørkeskog, og med lite anmarsj.

Nokre bratte plassar i toppen av skogen, men dei fleste plassane er det slakt nok til at ein held seg utanfor skredfarleg terreng heile vegen.

3. Moldalia
Ei brei og fin li med fleire opne glenner i skogen, og med nesten endelause moglegheiter for å finna gode linjer om snøen er bra.

Plassen ligg godt skjerma for vêr frå sørvest og vest, og derfor finn ein ofte veldig gode snøforhold her. For å koma hit køyrer ein til Kvitno i nærleiken av Urdland i Raundalen. Følg scooterspor opp mot stølane, og gå opp lia på veg mot toppen Storebotneggi.

Her er det skogen som ofte byr på den beste skikøyringa, men ein kan og gå heilt til toppen. Då bør ein vera obs på skredfarleg terreng i toppen av tregrensa.

4. Fenno
Køyr frå Voss og mot Granvin, og ta av mot Fenno. Køyr så langt vegen går, parker på p-plassen her og følg scooterspor inn mot Fennastølane. Herifrå kan ein enten gå mot Såta i søraustleg retning, eller mot Rauhovden i nordvestleg retning.

Begge plassar byr på flott skogskøyring, og er korte og fine turar som passar supert til ei ettermiddags- eller kveldstur. Planlegg turen ut frå korleis vêret har vore dei siste dagane, her kan det vera avblåst på den eine plassen, og knallforhold på den andre.

5. Gråsida
Ei brei fjellside med mykje potensiell sentrumsnær skogskøyring. Røyrgata som kjem ned langs fjellet er ein spennande plass å stå på ski om snøen ligg langt nede. Køyr på andre sida av Vangsvatnet frå Voss/Gjernes, og ta til venstre rett før du kjem til Nesthus. Ta til venstre igjen, og køyr så langt opp det går.

Herifrå er det berre å spenna på seg skia, og gå så langt opp ein orkar, potensielt opp til Rapjahalsen på 1100 moh. Her kan du stå på ski ned i sjølve røyrgata, eller i skogsterrenget attmed.

Ta skitoget til Voss i vinterferien! Togtur, overnatting og heiskort inkludert.

Skogskjøring voss myrkdalen topptur pudderkjøring
Djupe og herlege forhold i skogen på Voss

6. Bordalen
Bordalen er ein super plass å stikka på ein kvelds-skogstur med hovudlykt, då det ikkje er så langt å køyra frå sentrum.

Køyr opp Bordalen og parker på Tesdalen. Herifrå følgjer du skogsvegen eit lite stykke før du knekk mot venstre i ein open og fin skog som går opp mot fjellet Hermansnuten. 3-400 meter med fin skogskøyring!

7. Roset
Det er nok ikkje mange som veit at den populære sommarturen faktisk har veldig bra skogskøyring på vinterstid!

Køyr opp til «saga» på Gjelle, og følg sommarruta oppover. Litt før du kjem til Rosethytta tek du opp i lia til høgre, mot Sandfjellet. Følg same trasé ned att gjennom skogen.

8. Brandsethdalen
Slakt terreng med flott og spreidd furuskog, der ein kan finna god snø sjølv om vestavêret har stått på dei siste dagane.

Frå Brandsethdalen kan du gå opp mot fjellet Storanosi, eller opp mot eit punkt som heiter Middagshovden.

Ein fin plass for dei litt mindre erfarne skikøyrarane.

9. Myrkdalen vest
På vestsida av Myrkdalen finn ein flott skogskøyring på veg opp mot høgda Flatafjellet.

Ta til venstre i den krappe svingen rett etter Myrkdalen Camping, og køyr så langt det går før du parkerer og går oppover skogen mot Flatafjellet. På veg ned kan du kosa deg med fleire hundre meter med kjekk skogskøyring, men ver obs på eit tett granskogbelte i botn.

10. Sollikamben
Nok ein svært populær vandretur på sommar/haust, der Hans-Inge går heilt åleine i skogen på vinteren. Enn så lenge… Køyr til Tverrberg, der du set frå deg bilen på ein stor og ny parkeringsplass.

Herifrå følgjer du skogsvegen oppover Tverrbergsdalen. Når du kjem ut av skogen, ser du Sollikamben til høgre. Kryss elva og gå opp mot toppen i bjørkeskogen. Den finaste skikøyringa finn du på nordsida, ned mot dalen i den fine og opne bjørkeskogen. 200 høgdemeter med rein glede! 

Gode tips til skogsturen:

  • Ikkje tenk at det automatisk er trygt for skred sjølv om du er inne i skogen. Det kan gå skred i skogen óg, og då er ofte konsekvensane meir fatale. Hald deg oppdatert på skredvarsel og ha alltid med deg søkestang, spade og sendar/mottakar.
  • Ver obs i overgangen frå toppen av skogen til snaufjell. Her endrar ofte snødekket og lagdelinga i snøen seg, og ein kan gå inn i eit skredproblem som ein ikkje vart eksponert for nede i skogen.
  • Sjå opp for terrengfeller. Det er mykje terreng i skog som kan liggja skjult – som opne bekkedalar, stubber skjult av snø eller tre som har falt ned som ein kan hekta skia sine i.
  • Om du skal gå fleire rundar; ha fellene dine under jakka, tett på kroppen, på veg ned. Då smelter kroppsvarmen isen på fellene slik at limen held seg til neste tur opp.
  • Utforsk! Det finst hundrevis av fleire fine skogsplassar enn dei som er lista opp her. Bruk auga når du er ute og køyrer bil, til dømes. Der skogen står spreidd, er det ofte fint med dei rette snøforholda.
  • NB – vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kva du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktoren/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun / på private område.