Chamonix Temmeleg berømt dalføre i Frankrike, som ligg ved foten av Alpanes høgaste fjell, Mt. Blanc (4 807 moh). Sentrum ligg på 1030 moh Chamonix var vertskap for tidenes første vinterolympiade i 1924 Sju forskjellige skisenter ligg i dalen, og frå sentrum og opp på Aiguille du Midi (3 842 moh) går gondolen som muligens er verdas råaste. Herifrå er ingen preparerte løper, men eit utal meir eller mindre dramatiske offpistturar Les mer om Europas kanskje mest kjente vintersportssted her! – Ser de den største nåla der oppe i midta, spør Stian.Eg er litt svimmel, men ser no at ein av pinaklane er noko større enn dei andre, så eg svarar ja.– Der oppe har dei spela inn pornofilm, seier Stian.– Steike. Temmeleg kompetente pornoskodespelarar gitt. Det er jo ikkje berre-berre å klatre opp dit, kommenterer Trygve.Behind the scenes: Slik ble denne reportasjen laget.– Helikopter veit du. Det var nok gode tider i den bransjen på den tida, svarar tindevegleiar, frikjøringslegende og skiproff Stian Hagen. Han har budd i Chamonix i over tjue år.Så peikar han på ei anna tindenål tvers over dalen. Ho heter Aiguille de la République – republikkens nål – og er om muleg det spissaste og tynnaste spiret du ser frå Chamonix.– Toppen er ikkje større enn ei CD-plate, og skal du opp dit må du klatre eit sva på grad åtte. Nåla vart først klatra i 1904. Då hadde klatrarane med seg armbrøst som var spesialbestilt frå Paris. Dei skaut hampetauet over toppen, slik at to karar hang på den eine sida for å stramme tauet, medan tredjemann klatra opp på andre sida. Å kaste opp tauet var standard teknikk for bestigning heilt fram til 1971. Då sette dei boltar på svaet, fortel Stian.Les meir om Alpane her! SPEKTAKULÆRT: Med pinaklar og spir på alle kantar gjekk turen opp renna med ski på sekken og isøks i handa. Fra toppen av renna venta nedfiring til eit av sesongens høgdepunkt for både fotografen, Trygve (nærmast kamera) og skribenten. Foto: Adam Clark Vi er visstnok på veg opp til ei renne mot eit skar som heiter Brèche Puiseux. Stian insisterer på at det er ei snørenne der inne, blant hengebreane og dei svære raudbrune stupa med sylspisse pinaklar på toppen. Ein time tidlegare tok vi heisen til topps på Aiguille du Midi. Der tøffa Trygve seg, og køyrde ski frå utgangen av den velkjende istunnelen, ved verdas råaste skiheis. Resten av oss gjekk den smale ryggen med gjerdet på, iført stegjern. Frå starten av verdas lengste, heisbaserte offpisttur – Valleé Blanche – køyrde vi ski til under den mest oppsprukne delen av breen, på høgde med Requin-hytta, men på motsett side av dalen. Omtrent 2 500 meter over havet tok vi på fellane og gjekk opp mot ryggen på fjellet Dent du Géant. Eit fjellområde med vanvittige pinaklar, spir og hengebrear. Stian peikar på dei fleste snø- og isflekkane rundt oss, og avslører at dei fleste har vorte køyrt på ski.Gira på stæsj? Sjekk ut Fri Flyts rike testarkiv!– Vi har fleire alternativ her, men eg trur vi finn den beste og tryggaste snøen på Leschaux–breen på baksida, seier han. SIGNATUR: Omtrent sånn signerer Stian hagen jobbsøknadane sine. Foto: Adam Clark Veka før vi kom til Chamonix hadde det snødd, regna og blåse jamnt og trutt. Regnveret nådde tidvis heilt opp til 2200 meter over havet, og vindstyrken hadde vore så voldsom at den eine vaieren på sommarheisen mellom Helbronner og Aiguille du Midi hadde blåse ned (!). Det var uvanleg store snømengder i fjellet, og skredfaren ikkje til å spøkje med. Dagen før vi kom, varsla dei faregrad fem – svært stor – i Chamonix. Det tok nesten knekken på to steinbukkar i hagen til Stian.– Rett ved huset vårt er det ei bratt renne i skogen, der går det ofte skred. Her om dagen var eg ute og måka snø (Stian er opptatt av snømåking. Han krev at parkeringsplassen utanfor huset skal kunne brukast som skatepark til ei kvar tid, journ. anm.).Så kom eit nokså stort snøskred i renna bak huset. To stakkars steinbukkar vart ført med skredet. Den eine steinbukken kom seg laus, men den andre sat fast, fortel Stian Hagen om dramatikken i hagen sin.Les Utemagasinets tips til en vellykka stegjernstur!Kona til Stian, tysk-australske Andrea Binning – i si tid ei av verdas beste kvinnelege frikøyrarar – tykte svært synd på steinbukken som satt fast i snøen, muligens hardt skadd. Da måtte Stian iføre seg sendar/mottakar og ein stor spade, og gå opp i skredet, kanskje for å måtte slå i hjel dyret. Med livet som innsats. For korkje snøras i Chamonix eller livredde steinbukkar er noko å spøkje med. Heldigvis klarte ein norsk frikjørar å skape større panikk hos steinbukken enn det store raset.– Bukken frika ut då eg nærma meg, og klarte å sprelle ut av snøen og stikke til skogs. Skredfarlege periodar er ingen spøk i Chamonix-dalen, som er omringa av dei største fjella i Alpane. Stian har mista fleire vener i snøras. Han held seg langt unna sørvende Helbronner – naboanlegget i Italia – før førefallet har gjort snøen stabil om våren. Etter tjue år i Chamonix merkar Stian at både oppførsel, ferdselsmønster og ambisjonar i fjellet stadig endrar seg.– Eg var sikkert ein idiot eg og, da eg var i 20-åra, men eg hadde flaks. Generasjonen min klarte seg ganske bra, utan ulykker, men både dei som var eldre enn meg og dei som er yngre verkar utsatt. I dag er det mange som – etter mitt syn – tar alt for store sjansar i fjellet. Det handlar både om køyring i store fjellsider når risikoen er alt for høg, og om å velje stupbratte nedkøyringar før det er trygge forhold. Det er liksom ikkje vits i å køyre ei etablert skilinje, når du må rappellere mange gonger fordi linja ikkje har snø, seier Hagen.Hvilke teleskopstaver er best til toppturen? Det finner du ut her! KOMPLEKS: Chamonix er infisert med stupbratte fjell, isbrear og store område med djup og urørt snø – særleg viss du har toppturutstyr. Nettopp derfor bor Sian Hagen der. Foto: Adam Clark Vi høyrer skrapelydar frå ski i stor fart, der vi står ved toppen av heisen på Aiguille du Midi. Det er ein av Chamonix sine store heltar, Freeride World Tour-køyraren Sam Favret, som gønnar ned forbi oss. Saman med kompisane, fekk Favret første spora på nokså bratte og eksponerte Glacier Rond. I hælane hadde han ein annan lokal råskalle; Tof Henry. I stor fart og med store ferdigheiter, køyrer gjengen laps – runde etter runde – på det som var seriøse brattkøyringsturar for ti år sidan. Og strengt tatt er det fortsatt. – Vi vel andre stader med tryggare forhold og betre snø i dag, kommenterer Stian.– Du har sjølv køyrt mange av dei drøyaste linjene her i dalen. Korleis var det for femten år sidan?– Vi var ikkje her på Aiguille du Midi rett etter store snøfall i alle fall. Vanlegvis starta vi på Grand Montets, og jobba oss nedover dalen etter kvart som snøen stabiliserte seg. Dei brattaste linjene har uansett ikkje gode snøforhold før seinare på vinteren, når dei kan køyrast utan for mykje taubruk. Vi gjorde mykje tull før altså, det er ikkje det, men vi var nok meir tålmodige. Den gongen var det ikkje skryting på Instagram og Facebook, og kampen om å fortelje verda om førstespora var ein heilt annan. Å herje på sørvendte Helbronner og i dei brattaste linjene i Chamonix rett etter snøfall, inneber ein alt for høg risiko tykkjer eg.Vinterferieplaner? Sjekk ut Hochfügen i Østerrike!Stian Hagen frå Oslo kom til Chamonix som skiboms da han var atten år. Sidan den gong har han i realiteten aldri sett seg tilbake, og i dag bur han i den franske klatre- og skimetropolen saman med kona Andrea og to barn. Huset deira er i Argentiére like ved Grand Montets.– Her er lufta friskare enn nede i Chamonix. Vedfyring og tungtrafikk i samband med Mont Blanc-tunnelen gjer at lufta lenger ned ofte er dårleg. Mange ønsker å flytte lenger opp, og Argentiére er populært, sier Stian, som ikkje heilt skjønar kvifor tunnelen absolutt måtte gå gjennom Mont Blanc. – Det verkar ikkje hensiktsmessig at alle lastebilane må køyre 500 høgdemeter opp til tunellen. Han kunne godt vore bygd lenger ned, seier han.Stian er fortsatt skiproff, og jobbar med utstyrsutvikling for sponsorane sine. Og litt med guiding, både heime i Norge om våren og litt i Alpane. Svært enkel tilgang til mildt sagt vanvittige fjell, og i praksis ubegrensa mulegheiter for klatring og skikjøring, er det enkle svaret på kvifor han vart i Chamonix. HØGT OG HØGARE: Stian og Trygve på veg opp mot Brèche Puiseux. Den markerte toppen bak til høgre er landemerket Dent du Géant, som ser ut som ei svær tann frå nabobyen Courmayeur i Italia. Foto: Adam Clark På veg opp renna mot Brèche Puiseux har hodepina mi gått litt over. Eg ser Stian brøyte veg oppi lia. Vi andre kan berre gløyme å henge på, sjølv om vi slepp å trø spor. Skia heng på sekken, vi går med stegjern, isøks, og ein skistav kvar. Terrenget er bratt, men ikkje verre enn at eit fall mest sannsynleg vil gå nokså fint. Men det er tungt å gå opp bratte renner 3200 meter over havet. Kameraten min Trygve er inspirert av ein samtale han hadde eit par år tidlegare med klatrelegenden Øyvind Vadla. Dei var på skitur heime i Sunndalsfjella.– Du Tore. Etter nokon dagar med toppturar, og no når vi held på i slik høgde. Hender det du kjenner deg sliten, spør Trygve, som for ein gongs skuld går bak meg.– Nei, nei, pesar eg, og tørkar sveitte av panna.– Ikkje eg heller, svarar Trygve.Vi når toppen av renna, og her har Stian allereie gjort klart til rappell på motsatt side. Det er stupbratt i omtrent 40 meter, ned mot Leschaux-breen. På begge sider i skaret har vi svære og sylspisse pinaklar og spir overalt, men jammen har ikkje franskmennene klart å bygge ei hytte her. Périades Bivouac – også kalt Chevalier Hut – har tre sengeplassar og ser ut som ein tipi laga av plankar. Det er vel eigentleg like greitt at vi ikkje skal overnatte her. DRØMMEFØRE: I slik snø er det umuleg å ikkje vere veldig fornøyd. Trygve Sande nyt fantastisk snø på Leschaux-breen. Foto: Adam Clark – Nordveggen på Grandes Jorasses, svara Stian då fotograf Adam lurar på kva det vanvittige fjellet som openberrar seg på den andre sida av breen heiter. Den enorme veggen er full av klatreruter, og sjølv det brattaste partiet har vorte klatra. Saman med Eiger i Sveits er dette ein av dei mest klassiske og mytiske nordvegger i Alpane. – Ser de isfeltet der, spør Stian, og peikar på noko som liknar ein grå og fullstendig vertikal skrå firkant høgt oppe i den store veggen.– Nokon har køyrt der på ski.– Rått, svarar vi i kor.Før vi byrja på stigninga, hadde Stian vist oss veggen med dei klassiske Jaeger-, Diable- og Gervasutti-rennene på austsida av Mont Blanc du Tacul, og litt lenger ned Tour Ronde. Dette er stupbratt skikjøring, men køyrast likevel såpass ofte at dei nærast er som klassikarar å rekne i Chamonix. Lenger ned passerer vi hengebreane på Frankrike-sida av den karakteristiske toppen Dent du Géant – Giganten si tann – som ser ut som akkurat det frå Courmayeur i Italia. Frå sida vår ser tanna ut som eit sjukt stort og bratt spir, omringa av stupbratte hengebrear. Nesten alle har vorte køyrt på ski. I første del av stigninga opp frå Valleé Blanche var vi i ei kort stund i utløpssona for ras frå ein av desse hengebreane. Vi kom oss heldigvis fort forbi, og vidare opp mot renna som var umuleg å få auge på før vi sto rett under ho. Og som kravde nedfiring på motsatt side for å kome ned på Leschaux-breen. Denne er heldigvis ikkje i nærleiken like bratt som spetakkelet Stian har vist oss i stupa rundt. Det er uansett ikkje forhold for å oppsøke svært bratt terreng i dag.Brattkjøringsentusiast? Sjekk disse sakene!Men breen er som skapt for skikjøring, så lenge ein held seg unna sprekkane og finn riktig veg ned den bratte biten nedst. Skjerma av Grandes Jorasses, Dent du Géant og eit par andre mildt sagt gedigne fjell, har snøen fått fred frå dei verste vindkasta. Vi er så høgt at regnet tidlegare i veka ikkje var anna enn snø her oppe, og breen held snøen kald og tørr. Med den enorme nordveggen på Grandes Jorasses som bakgrunn, får Trygve, fotograf Adam og eg ei skioppleving som manglar sidestykke. Perfekt føre for både det litt lette toppturutstyret vårt, men og for ferdigheitsnivå, og for fotografen sitt krav til «spray» som det heiter på engelsk. Altså at kvar sving lagar ei stor vifte av snø bak oss. Den bratte hellinga varierer nedover breen, men det blir aldri spesielt slakt, og alltid er det ein eller annan formasjon å leike seg på. Nedoverbakken kjennest nærast uendeleg. Kvar gong vi stoppar, oppdagar vi nye godsaker som ventar under oss – i store mengder. TURISTFELLE: Sjølv i dei mest trafikkerte delane av Valleé Blanche fins det gøyale formasjonar å leike seg på og i. Stian (foran), Trygve (i midten) og Tore finner veg gjennom isformasjonane. Foto: Adam Clark Frå toppen av renna fekk vi omtrent 2500 høgdemeter skikjøring ned igjen til Chamonix. 2000 av dei av ypparste kvalitet i eit av verdas mest spektakulære fjellområde. Og 500 høgdemeter av typen transportløyperally mot britar i dongeribukse. To av desse klarte å gå på trynet ut frå løypa, og ein av dei såg vi romstere rundt nedi eit fleire dagar gamalt skred, omtrent hundre høgdemeter (!) under løypa.Sjølv om Stian har passert førti år, og difor meiner han er ferdig med flate landingar, så ser han ikkje mørkt på å leike seg på ski. Dagen før hadde fjellguiden køyrt baklengs i puddersnøen på Grand Montets, iført toppturski og klatresele. Denne dagen fann han ein svær isvegg på Valleé Blanche, som var perfekt for ein wallride. Kor ofte ser du eigentleg tindevegleiarar i førtiåra med klatresele, ryggsekk, teknisk skalbekledning og toppturski gjere ein glovarm shifty fire meter oppe i ein wallride 2300 meter over havet?Husk at du som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler fra landevei.no, terrengsykkel.no, friflyt.no, utemagasinet.no og norsk-klatring.no. Stian Hagen PÅ FILM: Matchstick Productions: Ski Movie II: High Society, Ski Movie III; The Front line, Yearbook, Claim Warren Miller: Wintervention Rostrup & co.: Teddy Bear Crisis, Not Another Ski Movie Australis: An Antarctic Ski Odyssey Wink Inc.: Respect, Waiting Game – Pluss ein haug andre og mindre produksjonar, eg har ikkje heilt oversikt over alle. UTSTYR STIAN HAR VÆRT SENTRAL I UTVIKLINGEN AV: Völkl ski: Mantra Gotama Katana Kuro Shiro Sumo Skiserien BMT Marker bindingar: Duke Tour 12 Kingpin Alpinist Dalbello støvler: Alle Lupo-modellane Arc´teryx: Alpha Sk 32 sekk (sjekk testen av sekken her!) + generell input på alt av skibekledning  FRIKJØRINGSKONKURRANSAR: 1. Mount Baker Freeride 4. plass i VM i Alaska ein gong på 90-tallet – Desse er dei enaste eg husker, men eg trur det vart ein del topp 5-plasseringar i diverse europeiske konkurransar i si tid. ANDRE HØYDEPUNKT FRA STIANS KARRIERE SOM FRIKØYRAR: – Eg føler vel ikkje det er så mange, anna enn at eg har hatt mulegheit til å reise verda rundt for å køyre ski i 20 år, og sikkert har fleire bra skidagar enn dei fleste. Foto: Adam Clark