/ Rauland

Vierli satsar hardare for vinteren

Vierli utvidar parktilbodet for komande sesong med nytt crew.

Sist oppdatert 14. november 2017 kl 11.36
PARKBYGGJARANE: Clint Butcher og Lukas Vesely skal bygge park på Vierli i vinter.
PARKBYGGJARANE: Clint Butcher og Lukas Vesely skal bygge park på Vierli i vinter.

Laurdag 25. november har Vierli planlagt opning for terrengparken sin. Parken har vorte kjend for å vere ein av landets beste, men på Vierli har dei no sett seg føre å ta opp standarden endå nokre hakk for den komande vinteren. For å få til dette har Vierli fått med seg Clint Butcher, tidlegare parkbyggjar på Geilo, og no skal Butcher i lag med sitt Shapecrew og parksjef Lukas Vesely stå for satsinga.

– Butcher er tidlegare parkansvarleg på Geilo og skal i fyrste omgang vere med på planlegginga av parken og bygging/ombygging ved fleire høve gjennom sesongen, fortel dagleg leiar Kristin Larsen i ei pressemelding til Fri Flyt.

Lukas Vesely har vore på New Zealand og bygd park i sumar, men han er no attende på Vierli for å halde fram som parksjef på tredje året. Ved opninga skal parken fyrst innehalde nokre hopp og rails, men allereie i fyrste desemberveke skal den utvidast med element for både nybyrjarar og vidarekomande. Og så snart vinteren har sett seg skal parken innehalde 18-20 hopp og rails i ulike storleikar. Vierli skal også halde fleire arrangement i vinter, blant anna NC i snowboard 6-7 januar.

Den nytilsette Butcher har lang erfaring med å bygge park.

– Eg har arbeidt med park i snart 10 år, frå shaping og bygging til design. Eg har også starta mitt eige selskap Shapecrew som no har mange års erfaring med parkkonstruksjon, shaping på alle nivå og på events som f.eks. NM og X Games.

Butcher som er opprinneleg frå Australia har planane klare for parken på Vierli.

– Eg har mange tankar og det er mange moglegheiter. Eg likar ein "clean layout and setup" slik at me kan sikre god flow gjennom parken. Vierli har ein rask og effektiv heis som sikrar at brukaren kan få køyrd mykje når dei er her. Planen er tilby ein blå park på ei side slik at nybyrjarar og kids er happy med det. Me skal i tillegg ha fokus på ei top level treningside på venstre sida slik at me sikrar ein park for dei meir erfarne. Me skal arbeide med ein bra setup der me sikrar at me har moglegheiter for alle nivå, fortel Clint Butcher i ei pressemelding.

Butcher og crewet hans er forøvrig også tilsette for å bygge park i Uvdal Skisenter, så no kan ein sjå fram til mange gode parktilbod i vinter.

Publisert 14. november 2017 kl 11.36
Sist oppdatert 14. november 2017 kl 11.36
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen