/ Rauland

Tåke og lite snø – men langt frå feil

Med låge forventningar blir oppturen gjerne litt større. Når den først kommer vel og merke.

Sist oppdatert 17. januar 2018 kl 09.28
SJEF: Festivalsjef Brynjar Åmot viser hvem som bestemmer over raulandsk snø. Foto: Magnus Utkilen
SJEF: Festivalsjef Brynjar Åmot viser hvem som bestemmer over raulandsk snø. Foto: Magnus Utkilen

Det var spådd skare og hai-befengt farvatn då ein liten Fri Flyt delegasjon satte kurs for Rauland i helga. Snø-abstinensar trumfa dårleg vêrmelding, og avgjorde at turen vart noko av. Med låge forventingar men med godt mot troppa følgjet opp på laurdag morgon framfor heisen «Storegut» og kunne konstatere at yr.no dessverre ikkje hadde tatt feil, og at halve Noreg hadde satt svingar i fjellsida under Skardsnuten før oss.

4
4

Foto: Henrik Breuer

Men det er her Raulandsfjell tek til å skinne. Du skal ikkje leite hardt før du finn «urørt» terreng, der du er nesten aleine og moglegheitene er mange. Ein kort travers plasserer deg over noko av Noregs beste skogskøyring. Her finn du bølgjande åsar og artige smådalar. Bjørkeleggar med perfekt avstand og bowls som byr deg på skileik. Har du vore i Japan er det umogleg å ikkje få eit streif av flashbacks. Med litt hjelp frå nordvest-vinden hadde det samla seg ein rett så hyggeleg velkomstkomité i form av mjukt nok føre til å sette fine svingar i bjørkeskogen.

Er du på jakt etter anna enn kordfløyel og hockey? Heisbasert skogskøyring i toppklasse er eit heilt greitt alternativ. 

Publisert 17. januar 2018 kl 09.28
Sist oppdatert 17. januar 2018 kl 09.28
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen