Sendetid med HSG

Då er årets Saas-Fee edit frå Hovden skigymnas ute!

Sist oppdatert 19. oktober 2017 kl 06.34
PARKEN: Utøvarane frå HSG legg årets grunnlag i Saas-Fee. Foto: HSG
PARKEN: Utøvarane frå HSG legg årets grunnlag i Saas-Fee. Foto: HSG

Her er den igjen, editen frå snowboard- og freeskilinja til Hovden skigymnas frå parken i Saas-Fee, Sveits. I år får me servert tre minuttar med alt frå langhåra kyr til dubs, sett frå trenarane på HSG sine perspektiv. 

-Når, og kor lenge var dykk på tur?

-Me var i Saas-Fee i 15 dagar, kor 12 av desse dagane var på breen. Frå 21 sept. til 5 oktober. Å reise til Saas-Fee er og blir ein tradisjon på hausten. Parken er heilt rå, og utøvarane stortrivst i parken, fortel HSG trenar Svein Olav Lien til Fri Flyt.

-Det ser ut som at du har med deg nokre gode kull. Korleis har dei opplevd parken?

-Utøvarane byrjar å bli godt vandte med Saas-Fee, og det tek ikkje lang tid ut i samlinga før utøvarane er tilbake i toppform og sender store ting i parken. Morosamt å sjå frå eit trenarperspektiv kor fort utøvarane finn fram til denne formen, men også progresjonen som skjer så tidleg på sesongen. Det er mykje takka vere den gode parken og dei gode forholda. Også veldig moro å møte alle dei andre norske utøvarane som tek turen til Saas-Fee på denne tida. Stemninga er med andre ord veldig god på breen! 

Publisert 19. oktober 2017 kl 06.34
Sist oppdatert 19. oktober 2017 kl 06.34
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen