Se Loftsgarden, Muggerud, Enersens og Deilkås bobilferie

Sondre Loftsgarden, Karl Kristian Muggerud, Even Deilkås og Vebjørn Enersen har vært på bobilferie i Amerika. Nå kan du se video fra reisen.

Sist oppdatert 2. mars 2017 kl 18.39
PÅ BOBILFERIE: Gjengen har vært på bobiltur i USA. Les reisebrev, se bilder og filmen fra turen her. Foto: Andy DeVore
PÅ BOBILFERIE: Gjengen har vært på bobiltur i USA. Les reisebrev, se bilder og filmen fra turen her. Foto: Andy DeVore

USA & Canada med Sondre, Karl & Vebjørn

I ein bubil ein nedsnødd stad i Amerika finn me dei norske skipersonligheitane Sondre Loftsgarden, Karl Kristian Muggerud, Even Deilkås og Vebjørn Enersen denne vinteren. Dei skriver faste reisebrev til deg, meg og alle andre Fri Flyt-lesarar.

PS! RV er ein engelsk forkortelse for «Recreational Vehicle» – bubil med andre ord.

Les Sondre Loftsgardens oppsummering av turen her:

Halvvegs ut i reisa vår i både tid og strekning, ligg kapittel to kvitt framfor oss på andre sida av grensa frå USA. Ho stenger ved midnatt, og grunna nokre litt for mange krus på ein bar i Spokane er me nøydde til å dra litt ekstra på langs den isete vegen. Og med Washington i spegelen køyrer me meir morgon enn kveld inn i dei Canadiske snøtyngde skogane. Karl-Kristian som nekta å køyre RV’en, vaknar brått til det som ser ut som rutevegen hans heime i Darbu med eit dyreliv som stadig finn det for godt å krysse vegen framfor oss med våre blanke heilårsdekk. Det skranglar stygt i beistet på stive hjul i det ein elg faceplantar inn i den mjuke brøytekanten. Han ristar snøen or andletet og forsvinn inn mellom høge grantre med djupe steg.

Se video her:

Stolheisen i Whitewater kjem fort og kastar Vebjørn av det vesle, isete setet. Han dinglar etter armane, dreg seg opp att og vippar ned ei lita sikkerheitsbøyle. Me konkluderar med at me i skianlegget ved nasering-byen, Nelson har funne den mest spanande heisen hittil – heilt på høgde med skikøyringa me har hatt. I den store bollen går to heisar opp på motsett side av kvarandre som lar oss traversere rundt og enkelt finne terreng (store klipper og semiflate landingar). Etter nokre dagar skjønar me at knepet er å kjøpe “single-ride” -heiskort for så å traversere ut til ei høveleg sone og rotere i denne heile dagen. Snøen er djup og Even som har snøbrett får stort sett det ærefulle oppdraget som spor-brøytar. Karl-Kristian set ein sjuer utfor eit heng og Canadanesarane klikkar frå alle kantar. Då ettermiddagsljoset gjer linjene raude og me har blitt varme, kjem ein kar med raud jakke og kross på armen og fortel at fjellet stenger.

– Hva farin, kanke stenge et fjell? Seier Karl-Kristian. Jau då, dei kan visst det. Før me drog ut måtte me skrive under på ein haug med papir og fortelje kvar me skulle, og no saumfarar dei sidene for å sjå at ingen ligg att. Dei neste dagane går me litt klokare ut i sonene som ligg akkurat utanfor patruljen si grense, så me slepp å avbryte.

Karl-Kristian Muggerud om turen

–  Kan du si noen ord om hva vi får se i episoden?

– I avsnittet får du se stort sett se ski- og brettkjøring i Alpental og Nelson, BC, samt mindre glimt av hverdagen i bobilen.

– Hvordan var skikjøringa?

– Skikjøringa var god, vi hadde jevnt ut 20 cm nysnø på fastere underlag. Alpental kunne by på forsåvidt bratt terreng med hyllelignende formasjoner og store gamle bartrær. Whitewater minnet mer om Norge ved første øyekast, her var det noe mindre snø men jevnt ut lengre og bedre landinger. 

– Hva er de beste/viktigste erfaringene fra bobilferie?

– Ta med sovepose, få varmeanlegget til å funke og pakk i seksjoner.

20170117_153530

Ulike samantreff har gjennom heile turen vår gjort det slik at alt har gått uforutsett bra. Propan-stasjonar, soveposar og dinerar har synt seg ettersom me har hatt bruk for dei. I skateparken nede i Nelson møtte me Line-køyraren, Dylan Siggers med vener frå Fernie i lag med The Bunch, og difor går me dagen etter bak ei rekkje karar med trekkers, munnfullar av skrå og kaffekopp i handa. Me skal prøve Extacy, eit enormt putefelt eit par timars gåing opp frå vegen til Whitewater. Laget deira filmar også, så me får skyte frå to vinklar. Eg har sett putelinjer på film og tenkt at det ser lett ut, men i den lange linja som aldri synes å ende er det heile ein kamp for å ikkje bli skoten ut av spelet. Når det høver går ting i flyt, medan føtene går som fjører. Ein kveld me står parkert utanfor Wallmarten i Nelson med pastaen på kok, bankar det på døra og inn kjem Christopher Lange med ein kartong PBR. Fjelltelegrafen pressar ut dei seiste dagane av Canada-oppholdet sitt før livet som vaksen ventar han heime. No står han inntil eit tre, halvvegs oppe i fellesporet og har dratt på seg ein solid Kongsberg-knekk. Då han bøygde seg over skia låste ryggen seg, og no prøvar han å køyre ned igjen med overkroppen i horisontal stilling. Det er med ein viss tvil me ser han kroke seg ned bakken.

20170127_131119
20170127_131119

TIL TOPPS: Sondre Loftsgarden. Foto: Andy DeVore

Christopher ligg dagen etter på sjukehuset i Nelson for å løyse opp knekken sin med morfin og tinder då Karl-Kristian spinn utfor ein kul. Eg står klar til å hoppe ei klippe eit stykke unna, men trekkjer meg då eg høyrer primal-skriket hans. No veit me i alle fall kvar sjukehuset er, så Vebjørn nappar stikkontakten or beistet og me dreg ned igjen. Det neste som hender går som fylgjer; spinning, slurring, kjetting, sjukehus, sjukehusreikning, PBR, krykker, PBR, hotell, tequila, tacos, tequila, rave, for varmt hotellrom, kaldt beist, double loggers breakfast, hotsprings før Canada i spegelen.

Då me igjen køyrde inn i Washington byrja det å snø i Alpental, og framleis var berre ein av fire ute med skade. Så me stoppa for å fylle opp seiste rommet på harddisken.

Even fekk bygd hoppet han lenge hadde snakka om, Vebjørn hoppa i eit tre, Karl fekk litt kvalitetstid i RV’en med Rigby, hunden til Andy DeVore og eg prøvde den flataste landinga i Amerika. Frå Noreg kjem meldingar om grøne plenar, så det er ein noko motviljug gjeng som løyser returbilletten. På gjensyn.

Se flere bilder her:

Publisert 2. mars 2017 kl 19.00
Sist oppdatert 2. mars 2017 kl 18.39
annonse
Relaterte artikler
IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen