/ Folk

Schirmer på mission i monsterrenne

Seist laurdag fekk Nikolai Schirmer og Eirik Verlo revansje i The Monster inne i Vassdalen.

Sist oppdatert 15. november 2017 kl 10.29
THE MONSTER: Eirik Verlo på veg ned den 700 meter lange renna. Foto: skjermdump
THE MONSTER: Eirik Verlo på veg ned den 700 meter lange renna. Foto: skjermdump

Schirmer og Verlo forsøkte seg på renna inne i Vassdalen fyrst for seks år sidan, men då måtte dei gje seg ved fyrste crux. Det går ingen veg inn dit, så for å koma inn til renna måtte dei gå 10 km til fots frå Tamokdalen via Finndalen. Der overnatta dei, og forsøkte å klatre opp renna og køyre ho ned att i løpet av 5 timar med ljos. 

– Eirik nekta å gå inn til renna att, så eg fann ut at me måtte ha transport. Snøskuter var ikkje mogleg, men etter kvart fekk eg tak i ein som dreiv med hundekjøring i Tamokdalen. Dei fekk oss inn til foten av renna på berre ein time, fortel Schirmer til Fri Flyt.

sup dawgs!-05734
sup dawgs!-05734

Renna inne i Vassdalen, kjend som The Monster og namngjeven av Aadne Olsrud frå Tamokdalen, er 700 meter lang med eit crux på midten som må rappellerast om det ikkje er særs gode forhold. Kven som hadde fyrstenedkøyringa er uvisst, men med ei slik plassering og karakter er ho ikkje den som blir frekventert oftast. Ved forrige forsøk gløymde Schirmer fellane og måtte stake heile vegen inn og attende. 

– Denne gongen tok me ei rute rundt fjellet opp, som var uproblematisk burtsett frå eit isfall over nokre titalls høgdemeter. Joonas Mattila (som filma Shapes) flaug drone og me fekk køyrd renna fra topp til botn med rappellen, og kom oss ut att med hundene før det var mørkt. "

Her er filmen frå The Monster:

Publisert 15. november 2017 kl 10.29
Sist oppdatert 15. november 2017 kl 10.29
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen