Regnér-brørne sendte i Hardanger

I fjerde episode frå webserien DYBS blir det sending over ein låg sko under ei høg vårsol frå dei svenske brørne.

Sist oppdatert 14. november 2017 kl 14.33
DYBS: Carl Regnér kastar ut rotasjonar over Hardangerfjorden: Skjermdump
DYBS: Carl Regnér kastar ut rotasjonar over Hardangerfjorden: Skjermdump

Fjerde episode av Does Your Brother Ski, eller DYBS som webserien til dei svenske brørne Carl- og Olle Regnér heiter, er no ute. Denne gongen har dei to brørne vitja Wille Lindberg som har busett seg i Hardanger. Og her får me servert lettkledd køyring på Folgefonna og feltturar i den store bakgarden til Lindberg, ispedd ei god dose rotasjonar. 

– Avsnittet er innspela i Jondal då me besøkte Wille Lindberg i hans nye Lodge. Me står både på ski oppe på Folgefonna og over sjølve Jondal. Mykje fine miljøbilete og skøyig køyring frå Carl og Wille, sjølv hadde eg akkurat fått ein fraktur og drege oksla ut or ledd, så eg måtte ta det roleg og finne på andre ting, fortel Olle Regnér i eit intervju til Fri Flyt.

Regnér-brørne er aktive konkurransekøyrarar i FWQ og denne vinteren kvalifiserte Carl seg til neste års FWT, medan Olle må sanke fleire poeng.

– Planen for vinteren er å reise rundt og produsere mykje artig materiale i lag med fotografen fra DYBS, Anton Eneröv og Oscar Scherlin. Me har ein liten spin off frå DYBS planlagt, men ingen ting heilt offisielt. Me kjem til å møte opp med Carl når han er ledig frå FWT og så kjem eg til å køyre nokre 4* FWQ-konkurransar.

Her er episode fire frå DYBS:

Publisert 14. november 2017 kl 14.33
Sist oppdatert 14. november 2017 kl 14.33
annonse
Relaterte artikler
IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen