HJEMME PÅ BORTEBANE: Vebjørn Enersen på vei utfor en klippe i snøhullet Alpental i Washington blir en slags blanding av hjemmebane og bortebane.

Pudderparty i Alpental

Sondre Loftsgarden og kompani er på plass i USA, og her kommer første reisebrev fra gjengens roadtrip i dyp, amerikansk snø.

USA & Canada med Sondre, Karl & Vebjørn

I ein bubil ein nedsnødd stad i Amerika finn me dei norske skipersonligheitane Sondre Loftsgarden, Karl Kristian Muggerud, Even Deilkås og Vebjørn Enersen denne vinteren. Dei skriver faste reisebrev til deg, meg og alle andre Fri Flyt-lesarar.

I fyste brev tar dei oss med til Alpental i Washington, inn i bubilen og til den legendariske staden Twin Peaks – som snart gjer comeback på TV.

PS! RV er ein engelsk forkortelse for «Recreational Vehicle» – bubil med andre ord.

Sondre Loftsgarden fører penna i det første reisebrevet fra gjengen i USA og Canada.

Reisebrev 1: Fimbul over havet

Godt og vel ei veke ute i vår søken etter feite frukostar, høge grantre og skumle stolheisar, kjem fyrste livsteikn frå Fimbul, kollektivet som for å unngå depresjonen har lagt ut på reise i påvente av at sola skal synke i havet og den lange vinteren skal legge seg. Eg har lagt meg til på golvet framfor varmeomnen i bubilen med eit nytt Seahawks-pledd over meg og ei flaske med bourbon står i rekkevidde. Forkjølelsen hoppa fyrst frå Vebjørn Enersen til Karl-Kristian Muggerud, så til Even Deilkås før den til slutt sette seg i meg. I kveld skal det byrje å snø hardt, men i Amerika har dei store fargerike piller, så me skal ikkje sove burt ein einaste powder day.

I Seattle starta me sterkt utan nokon plan for fyrste natta, men med to kolli bagasje i minus spanderte flyselskapet to suitar som erstatning. Etter ein OD med sirup og smør til frukost på den næraste dineren og ein rundtur innom det nye hovudkontoret til K2 i Seattle, vippa me ut beistet – ein diger RV med bikkje på døra og nasjonalpark over bakenden. Planen var å sjekke ut skianlegga i Washington for deretter å køyre inn i Kanada. I hotellresepsjonen fekk me tips om å dra til Alpental, det næraste anlegget til Seattle, så då styrte me beistet dit. Då me tok av frå hovudvegen byrja brøytekantane å stige over sideruta i takt med trivselen. Det gjekk noko tungt i starten – me trefte beint på den kaldaste vinteren i motellsjefen frå nabobyen, Twin Peaks (jepp, den Twin Peaks) sitt minne, og då me tidlegare vippa ut RV’en, rekna alle med at sidemannen fylgde med når eigaren forklara korleis heateren fungerte. Ein dag og ei natt med fire mann tett saman i ei seng med kvar sitt «personal summer kit» seinare, spør fyren i trucken ved sidan av oss om me hugsa å skruve på propanen. Me dreg turistkortet og snakkar ikkje meir om det.

RV: Amerikansk bubil er ei forutsetning for roadtrip i USA og Canada, og trøbbel i forbindelse med bilen er ein fast del av turen.

Alpental blei starta av to amerikanarar som etter at dei hadde vore i alpene laga sitt eige alpeskitrekk attende her i Kaskadane. Det fyrste som slår i mot oss er den vakre skogen her. Området er verna, så skogen får høve til å vekse seg gamal og diger. Med det slepp ein mykje av den unge småskogen og skogskøyringa blir meir open, i tillegg til at det er ei grøn lunge i eit område med mykje trafikk og digre køyretøy. Etter to spanande stolheisar når me toppstasjonen og blir møtt av eit stort skilt med skriften ”there is no easy way down”. Då omtrent alle me treffer har ein link til Noreg gjennom ein great great oldefar, blir me fort inkludert, og ruter og linjer blir pekt ut.

– Hey there is some norwegians here! Ropar vår framtidige vekkerklokke ut i den femti meter lange heiskøen. Silas, som arbeider som guide og som bur baki den gamle Subaruen sin fire månadar i året, er stadig innom oss for å sjå at me ikkje søv burt skidagen, medan han slenger rundt seg med norske uttrykk frå ein sumar i Romsdalen på 70-tallet. Alpental har eit samarbeid med K2/Line og dei koplar oss opp med Andy DeVore som er Line-køyrar og legendarisk lommekjent i fjellet. Med han som guide hukar eg i løpet av få dagar inn fleire av mitt livs beste nedkøyringar. Han er småbarnsfar og i full jobb, men tar seg fri fleire dagar for å køyre med oss.

TRANNY: Denne karen heiter Andy DeVore, og er flink til å finne og treffe trannies. Til fjells altså. Ja, eg meiner fine overgangar å lande i.

– Jump early and land in the trannies, seier Andy. Fjellet er bratt og terrenget er komplekst og trappeforma, så her er- og blir folk fort flinke. Medan Vebjørn ligg i kafeteriaen og tygg piller og Even køyrer saman med snowboarderane han har fylgt på film, legg Karl-Kristian og eg saman med Andy ut på dagens seiste tur. Me startar utfor «the wizards dick» og har etter nokre minutt med kjapp, bratt skogskøyring enda opp ved «The wizards butt», like ved, men i høveleg avstand til «eat shit and die»…

Alright, dei melder regnvêr i Washington så no durar beistet over grensa til Kanada dit lønnesirup skal fortærast rett frå treet og flippskjegg og ring i nasen er det kulaste av alt. Sjåast i Nelson!

Meir kommer, og fleire bilder finn du under!

Annonse
 
 
VIS KOMMENTARFELT
Annonse
Annonse