DJUPT: Ingenting å utsetje på nysnømengdene i Jølster… Foto Brit Siv Fimland

– Over halvmeter´n!

Fantastiske pudderforhold i Jølster i helga.

Brit Siv Fimland kjenner fjella i Sunnfjord betre enn sine eigne skibukselommer – mellom anna som ein av forfattarane bak boka Toppturar i Sunnfjord – og det fekk ho godt betalt for i helga. I Dvergsdalsdalen i Jølster var det pudder til låra!

Brit Siv om helgens strabasar i all nysnøen:

– Etter regn og sluddbyer i Førde siste dagane, og nedbørsmålingar som tyda på mykje nysnø i fjellet, var det på tide å sjekke status. Etter ein liten prøvetur i Angedalen i Førde laurdagen, tok vi turen til Dvergsdalsdalen i Jølster søndag. Dvergsdalsdalen ligg på cirka 450 moh, og her var det skikkeleg vinterstemning. Det var berre å spenne på seg skia rett frå bilen, og vi målte 40 centimeter snødekke litt oppi skogsvegen mot Myklebuststøylen på 500 moh. Vidare oppover mot Olahansen vart snøen tørrare, og på 700 moh var det over halvmeteren med tørr, fin snø. Over skoggrensa hadde vinden frå torsdag og fredag fylt opp søkk i terrenget, medan snøen frå siste døgnet låg upåverka av vind. Fantastisk skiføre med andre ord. Men som alltid på første turane må ein være litt oppmerksam med tanke på stein som kan ligge skjult under nysnøen.

Sjå galleriet under for fleire bilde frå turen!

PS! Ifølge Fri Flyts snøvarsel ser det ut som moroa fortsetter i Sunnfjord - og fleire andre stader:

 
 
VIS KOMMENTARFELT
Annonse
Annonse
Annonse