abcd
GONDOLEN: På fem minutt fraktar han 45 personar frå ord og sumar til vinter og snø. Foto: Bård Basberg
Landets raskeste oppstigning
01.06.17 / Sondre Loftsgarden
Ta ein fem-minutt i den nye gondolen i Loen.

Sjå for deg at du står opp, dreg på arbeid, dreg heim igjen, snart er det kveld. Repeat. Du får bilete av folk som dreg på tur, går, klatrar, og når du igjen dreg heim frå arbeid tek dei av seg fellane og delar nye bilete av at dei køyrer ned igjen. Men snart er du der oppe sjølv. For etter at du klokka ut, gjekk du ombord i gondolen. Fem minuttar seinare står du på høg ellet med ski på føtene og ser ordar og ell i alle retningar. Skal du gå for sørvendt rennekøyring? Eller kanskje den kalde nordsida ned til Stryn? Føtene er friske og du tar akkurat den sida du vil. Er nede igjen eit kvarter seinare og klar for ein ny tur.

  • Denne artikkelen står på trykk i sommerutgaven av Fri Flyt, som er i salg 8. juni. Som Fri Flyt-abonnent får du nå tilgang til saken før alle andre.

Ein draum? Nei, ein realitet som du er nær den nye gondolen som nett har opna i Loen og som går opp til fjellet Hoven på 1011 moh. Tre år tidlegare fekk nokre idealistar tanken om å setje ein gondol beint opp fjellveggen frå fjorden. Ein vegg så bratt at den er regulera for luftsport med exit på toppen for basehopparar. Tanken er at den store mengda cruiseturistar som kjem inn orden skal få noko meir enn berre ei vakker hamn med brunost og særskild dialekt. Konseptet vil truleg slå an. Ferda opp med gondolen er spanande nok i seg sjølv for mange, og etterpå kan nervene roast ned med drinkar i restauranten som nesten heng utfor stupet.

Men det er ikkje dette eg kjem for. Eg er her for å finne ut om produktet treff ei heilt anna gruppe; skikøyrarane som foretrekker å koma seg til fjells med heis for å få flest mogleg meter i føtene på ein dag.

Dørene opnar seg og eg stig inn i ein av to romlege gondolar med plass til 45 mann. Du finn ikkje brattare gondolar i verda. Den er av typen pendelbane – den eine vogna går opp, medan den andre går ned. Det går fort og det ser ut som at me skal klaske i ellveggen. Vogna klarerer med nokre meter før ho med eit lite rykk stansar trygt på plattforma si. Eg går ut og skimtar stripa med folka som går til Skålatårnet i aust medan eg smiler skeivt og klikkar inn i tunge bindingar. Frå vegen nede i Loen såg ei markant renne som gjekk heile vegen frå Hoven og ned til gondolen på ski-venstre. Den må vere køyrbar? Eg sklir mot inngangen, kikkar ned og ser to breie renner som møtes eit stykke nede i hov- udrenna. Langt ski venstre har ho også ein tredje variant, ei tynn snøstripe som går langs ellveggen og koplar seg på renna omlag halvvegs nede i ho. Den ser bra hissig ut, men ikkje køyrbar med så lite snø som me har denne vinteren.

– Nei, fuck! ropar Bård Basberg, og ser den dyre solblendaren til kameraet sitt ta fyrstesporet ned renna til ski høgre. Ho set lette avtrykk i snøen på sin veg ned og me tolkar forholda som fine, men eit stykke lengre ned tre er ho steingrunn. Det er visst for seint på året så blendaren lyt ligge til neste vinter. 

Sola står lågt og fyller heile Lodalen, bakanfor Loen. Ei isande føyke riv i andletet og alle jakkelaga må på – eg har ikkje opparbeid mykje kroppsvarme på tur opp. Fjellplatået her er avrunda og nesten austlandsk i utsjånad, men når eg lyfter synet ser eg dramatiske tindar med perfekt «backdrop», som fotografen ville sagt. På fellar går me over flater og dalar som rullar framfor oss. Her kan ein bygge hopp med lange landingar utan mykje strev, då vinden alt har gjort mesteparten av arbeidet i bakkant av kulane. I staden for å berre køyre ned igjen og bli ferdig med dei tusen høgdemeterane, går eg høgare opp og køyrer nokre linjer frå dei mange små toppane her. Fyrst ei med store svingar for å blir varm i kroppen på snø som sola alt har blautna opp, så ei rask direktelinje for å få litt fart og luft i føtene. Til slutt ei leiken stripe langs bekkeformasjonen som vinden har dosert som ein slags skarp halfpipe. Ut av renna har eg den låge sola i andletet og siktar mot ein kul som syns rulle ned i Nord orden. Eg ladar på skavlen før kulen som kanskje ikkje var ein skavl i det heile tatt. Halvvegs i ein rotasjon hogg ein stålkant seg fast i landinga som kjem så altfor fort. Eg rullar nokre rundar og fyller brillene med snø før eg finn skisolane mine i kontakt med snø igjen.

– Bra jobba, ropar Bård med eit sleivete glis. Det er dette me har vårsnø for!

Om vinteren me no har vore gjennom skal vere normalen i tida framover, blir noko av det mest keisame eg veit fort eit faktum. Nemleg det å fyrst gå eit langt stykke utan snø når ein skal på skitur for etter endt nedkøyring å bere skia langt ned igjen på barmark. Då blir vinnarane dei områda der turen enkelt startar høgt på snø. Når eg køyrer ski i heimefjella våre tenker eg jamt at norske ell er laga for skikøyring. Men i Noreg finst ikkje lange heisnedkøyringar som dei utanfor grensene våre. Men me har høgdeforskjellane, og om gondolen i Loen opnar for effektiv og lang skikøyring som den me nn i Alpane, vil eg bli svært nøgd og klimaavtrykket til skikøyraren som likar gondol, vil monaleg bli noko ljosare. Og om den lange renna som avsluttar like ved badebasenget til Hotel Alexandra er køyrbar, skal eg i alle fall finne ut når vinteren igjen kjem attende. 

Loen Skylift

  • Åpnet i mai
  • Helårsdrift
  • Tar deg opp til 1011 meter over havet
  • Budsjett: 267,5 millioner 
 
 
VIS KOMMENTARFELT
Annonse