I heisen med Pytte

Gjennom heile vinteren skal Henning Hansen Pytte oppdatere oss med serien Behind the Scenes.

Sist oppdatert 13. oktober 2017 kl 09.55
HEISPRATEN: Kva folk pratar om på t-kroken i Saas-Fee får du sjå i denne episoden. Foto: skjermdump
HEISPRATEN: Kva folk pratar om på t-kroken i Saas-Fee får du sjå i denne episoden. Foto: skjermdump

Frå eit hotellrom i alpane får me tak i Henning Hansen Pytte (19). Han har i lag med Hovden skigymnas køyrd park i fjorten dagar og kviler no ut etter ein dag på breen. Henning har sett føre seg å produsere ein sesong med bakommateriale frå noregs skimiljø, både på konkurransar, men også vanlege dagar i bakken.

–Kvar er du no Henning, og korleis går det?

–No har eg vore 2 veker i Saas-Fee saman med Hovden skigymnas. Oppholdet har vore veldig bra. Har vore heldige med bra park og bra vær, og det har vore ein veldig fin start på sesongen. Var litt uheldig og falt på skuldra, men er heldigvis ikkje noko alvorleg. Må nok ta det roleg eit par veker, men det vil berre seie meir tid til å filme, seier Henning til Fri Flyt.

Etter fleire år i lære på Hovden skigymnas er Henning eit talent å merkje seg og han har planane klare. 

–Planane for sesongen er å shredde så mykje som mogleg, men også køyre konkurransar. Skal køyre så mange noregscuper som mogleg, men har også lyst til å køyre utanlands om eg får moglegheiten. Har også vore inne på tanken om å køyre litt pudder. Har budd over 3 år på hovden no, utan pudderski. Så tenkjer det er på tide å utforske snøen utanfor parken.

Fri flyt håpar med det å sjå Henning på breie ski i vinter når han tar med seg trikseposen sin ut i laussnøen! Neste episode kjem allereie fredag 20. oktober. 

Her er fyrste episode frå serien Behind the Scenes:

Publisert 13. oktober 2017 kl 09.55
Sist oppdatert 13. oktober 2017 kl 09.55
annonse
Relaterte artikler
IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen