/ Japan

Legger du skiferien til Hakuba i Japan får du et pudderparadis

To karar fra østlandet måtte dra til det fjerne østen for å finne det de alltid hadde drømt om.

Sist oppdatert 8. september 2017 kl 11.31
ÅPEN KALENDER: Det er den åpne skogen og snødybden som lokker folk til Japan. Foto: Daniel Rönnbäck
ÅPEN KALENDER: Det er den åpne skogen og snødybden som lokker folk til Japan. Foto: Daniel Rönnbäck

– So where are you guys heading today?
Vi rekk aldri å spørje først. Craig er alltid eit steg foran. Uansett kva vi seier kjem han til å ha ein spot i tankane som sannsynlegvis er betre enn det vi planlegg.
– We thought about doing the Iwatake Southface, ymtar vi frampå, vel vitande om at Craig antakelegvis allereie har gjetta at det er dit vi tenker.
Vi reiser alltid dit på ein dag som dette.
– Yeah man, that should be epic today, just watch out for the cornice when you drop in. Matt and I were thinking we’d do the Iwaktake Southface, maybe lap it a couple of times.

Det trengs ei forklaring her.
Iwatake Southface er ein spot i Hakubadalen i Japan. Og folk køyrer ski der. Iwatake Southface er faktisk ganske bra køyring. Men vi har aldri køyrd der. Og kjem antakelegvis aldri til å gjere det. Det er så mange stader i Hakubadalen som er mange nivå over Iwatake at behovet aldri kjem til å melde seg. Det er som å bestille ein medium/rå sommarkotelett på eit godt biffhus. Det er som å spørje etter Sierra Tequila midt i Mexico. Den med hatten. Hakubadalen har mange hemmelege spots som overgår din villaste fantasi. Men å gå og fortele alle om desse er som å be om å køyre sporete snø istadenfor å ha upløygd botnlaus pudder der kvar gong du reiser dit. Earn your turns, på ein måte. Det har derfor blitt ein vane i gjengen å lure så mange som mogleg til Iwatake, som er det minst attraktive skitrekket i heile dalen.

I heiskøen. På lodgen. I skibussen. Kvar gong vi snakkar om staden vi skal køyre eller har køyrd og ukjente skifolk er innanfor høyrevidde byttast alltid det egentlege navnet ut med Iwatake Southface. Kall det eit forsvarstiltak for urørt pudder. 
Mitt første møte med Japan skjedde i 2010. Opp til dette punktet trudde eg at eg hadde opplevd forholda som ein beskriv med uttrykket snorkelføre. Eg tok grundig feil. Ein dal som heiter Hakuba, ein liten køyretur frå Nagano, skulle vise meg ordets rette forstand.

Frå eg var 18-19 år har min fetter Lars og eg reist på turar ut av landet nesten kvar sesong for å nne bra skikøyring. To telemarkingar på til tider ganske så vilkårlege utfartar frå gamle Noreg. Det starta med Alpane, med Sveits, Austerrike, Frankrike. Vi var til og med innom Lichtenstein. Det einaste skitrekket i Lichtenstein heiter Malbun og er bedrøveleg. Meir treng du ikkje vite om det. Etter eire år med valfarting til ellkjedane i sør begynte blikket å søke mot nye horisontar, og det kulminerte enkelt og greitt i ein avgjerelse om at vi skulle prøve noko nytt. Noko eksotisk som ikkje inneholdt lederhosen, pasta Carbonara eller Anton aus Tyrol. Vi hadde med det (i våre auge) redusert valgmogleghetane til to land. Russland eller Japan. Korleis valgte vi, spør du? Med stein-saks-papir så klart. Eg var Russland, fetter Lars var Japan. Nå har eg ein teori om at viss ein held seg til eit valg i stein-saks-papir, i mitt tilfelle saks, vil ein vinne i det lange løp. Ikkje denne gongen, heldigvis.

Vi snubla inn i det beste området for skikøyring eg nokon gong har sett. Vi hadde snakka med ein fyr på mail som heitte Matt. Ein skotte som visstnok hadde busatt seg i Japan. Ein skotte som skryt av snøforholda, tenkte vi, det seier ikkje stort. Vi kom fram til Morino Lodge, staden vi skulle bu dei neste to vekene, seint på kvelden. Det var ikkje mykje anna å gjere enn å få ski og brett i hus og stupe i seng. I forbifarten nevnte Matt noko om at det skulle komme nedbør i løpet av natta, så neste dag kunne bli bra. Det vi våkna til dagen etter er noko eg seint gløymer. Bilane på parkeringsplassen hadde blitt forvandla til kvite snøhaugar. Ein kunne knapt sjå ut av glaset i første etasje. Naboen hadde starta opp eit monster av ein snøfres som skulle gjere det mogleg å kome ut av døra. Nedbøren Matt hadde snakka om viste seg å vere ein meter med florlett pudder, og glimtet i auget då Matt hadde sagt det var ikkje på grunn av at han var trøtt. 

Den dagen sprang vi ut til nærmaste skitrekk utan den minste aning om kor vi burde reise, kor det var bra å køyre, kva som var lov, skredvarselet for dagen. Vi køyrde konstant frå heisen opna til den stengte med Asias største glis. Vi dundra nedover det vi fant av opne flater og gondolgater, akkompagnert av våre egne jentehyl og skipatruljens brøl. Då vi kom heim til lodgen den kvelden, sveitte og fæle, vart vi einige om at denne dagen var aleine verdt den lange turen frå gamle Noreg, og at nå kunne resten av oppholdet regne bort, vi ville fortsatt vere fornøgde. Lite visste vi om at desse forholda ville holde seg gjennom dei to vekene vi skulle vere der, og at den delen av ellet vi hadde køyrd heile dagen er noko av det kjedelegare du finn i Hakuba.

Skikjøring i Hakuba

Hakuba har alt du kan ønske deg som pudderhund. Storfjell med bratte renner, spines og bowls. Skogskøyring som er stupbratt med puter og perfekt vegetasjon.

Mykje bra skikøyring i og utanfor anlegga er heisbasert eller lett å traversere tilbake til heisen for ny runde. Men det er og store mogleghetar for toppturar i området som kan skilte med toppar opp i 3000 moh. Happo One har den høgaste toppen tilgjengeleg med heis på 1980 meter. Happo og Goryu-området, som er lengst nede i dalen byr på dei beste alpine mogleghetane, mens anlegga lenger opp i dalen ber preg av skogskøyring. Veldig god skogskøyring.

Snøen er knusktørr sjølv i ganske høge temperaturar, og djup pudder får ein ny dimensjon her.
Dagskort har tilnærma pris som i Norge, 300-400kr, men då japanarane er veldig opptatte av rabattkupon- gar følger det som regel med ein deal på enten mat eller Onsen i dagskortet. 

Etter denne debuten var det ein lett avgjerelse å vende tilbake året etter. Og året etter. Og året etter.

– It’s gonna be a bluebird, no work today!
Craig stend og myser ut av stogeglaset med ka ekoppen i hånda, etter ei lengre tirade om at Iwatake Southface vil vere mykje bedre enn dit vi har tenkt. Skibuksa er allereie på. Klokka har så vidt slept seg forbi grytideleg. Rundt bordet sit ein trøtt gjeng som består av ei lett blanding nordmenn og engelskmenn med skredsøkaren på brystet og lommene fulle av jetlag. Frukosten blir satt til livs på halvhektisk vis for å rekke første tur på ein av dei gratis bussane som går fram og tilbake i Hakubadalen. Med Craigs utsagn sprer forventningane seg rundt frukostbordet som ild i tørt gras, og det som var å spore av trøtthet og søvn er som blåst bort i ansikta på den vesle forsamlinga med frivillige morgonfuglar. Det har snødd så mykje siste 24 timane at «puking snow» har blitt eit heilt legitimt uttrykk. Bak Craig kjem veslejenta hans tuslande med ein kolsvart høysåte som skal utgjere håret på den vesle kroppen. Ansiktet stråler som alltid, og ein kan tydeleg sjå at ho er ei god blanding av japansk og kanadisk blod.
Det var i denne dalen det begynte for 15 år sidan. Matt Dunn og Craig Oldring reiste begge til Japan for å oppleve ein annleis kultur og kanskje lære japansk. Yen skulle dei ska e ved å undervise i engelsk. Craig hadde arbeidd i Whistler, der mange japanarar kom for å stå på ski og snowboard. Han antok derfor logisk nok at Japan ikkje hadde veldig gode forhold, i og med at så mange kom til Canada. Så feil kan ein ta.

Vi synes det var vilt når vi såg dalen for første gong, men då Matt og Craig kom til Hakuba var det få eller ingen som køyrde utanfor løypene. Den eine frå Skottland og den andre frå Canada, kom ramlande rett inn i eit av dei beste områda for pudderkøyring i verden. Utan å vite det. På denne tida hadde hypen etter Nagano-OL lagt seg. Hakubadalen vart offer for nedgangen i etterkant og hadde store skianlegg som ikkje vart bruka. Startbua for Super G i ’98 står fortsatt på toppen av skianlegget Goryu som eit minne om den tida. Tenk deg at du er ein dedikert pudderhund som reiser til det fjerne østen med mål om å oppleve annleis kultur enn heime i gamlelandet. Du kar til deg sjølv med den blaute skivotten for å vakne frå denne ville draumen. Det skjer ikkje. Foran deg ligg mange hundre høgdemeter med bratt, kvitkledd terreng. Perfekt avstand mellom trea, puter mjukare enn deluxemodellen frå Høie, pudder så djup at du ikkje tør å stoppe fordi du er redd for aldri å kome i gang att. Så orlett at den blir liggande i lufta etter deg. Snorkelføre-uttrykket kjem i spel igjen. Og det beste av alt, du har den heilt for deg sjølv. Ja, det er eit par japanarar i pastellfarga heildressar frå 80-tallet som cruiser løypene, men kven bryr seg vel om dei? Pudderet, naturfenomenet som får vaksne mannfolk til å hyle som jentungar, er det ingen andre enn du som utnyttar. Tur etter tur.

– Do you guys want a lift? We are heading up the valley in ve, got some room in the car for a few scandies!

Sesongen

Sesong: Desember til april.
Myoko har lite storfjell, og er i større grad lik Niseko terrengmessig. Mindre men bratte fjell, og sinnsvake mengder snø. Skogskøyringa er veldig bra, og Myoko har endå meir leikent terreng i form av puter og klip- per enn det Hakuba har. Dagskort er litt rimelegare enn i Hakuba, ca 300kr. Snøen er like tørr som i Hakuba, og det er mykje av den. Små japanske bilar som er begravd eller sit fast er ikkje uvanleg. 

Matt slenger ut spørsmålet når vi passerar resepsjonen der han står halvt påkledd med skitøy og skredsøkar mens han tar imot nye gjester. Resepsjonen fyllast av den gjen- kjennelege lyden av GoreTex i bevegelse.

I Hakubadalen ligg skianlegga som perler på ei snor. Alle har sitt eget preg og si sterke side. Opp igjennom dalen nn du både solid stor ellskøyring, vanvittig skog- skøyring og stupbratte renner. Du må bare vite kor du skal leite.

Innerst i dalen finn du Cortina, eit lite, beskjedent skitrekk som ved første augekast ikkje ser veldig imponerande ut. I botn av trekket ruvar eit enormt hotell bygd i ekte sveitserstil, uoffisielt men passande døpt The Shining. Kanskje det mest malplasserte bygget i heile landet. For å toppe det heile har dei valgt knallraud takstein. Men sett bort frå hotellet er Cortina ein uslepen juvel med store mogleghetar for djup pudderkøyring. Det er hit vi skal denne dagen. Første dagen etter eit alvorleg dump reiser alle dei ivrigaste hit. Hakuba får rundt elleve meter snø i sesongen, og av dei fem skitrekka som er i dalen får  som regel Cortina mest. Her er det viktig å vere tidleg ute, kjem du mindre ein halvtime før heisen opnar finn du garantert ei rekke på 20-30 par pudderski og brett sirlig plassert foran heisen. Ski og brett er godkjent som kølapp. Det er derfor ein stor fordel å få skyss eller ha egen bil framfor å ta dei gratis bussane som går til alle skitrekka i dalen. Du har moglegheita til å vere først.

Cortina byr på skogskøyring akkurat slik du vil ha skogskøyring. Stupbratt og djupt, med perfekt avstand mellom treleggane. Men det er ei mørk, mørk side med Cortina. Heissystemet vart bygd ut til OL i ’98. Og der har det ikkje skjedd eit kvekk sidan den gong.

Om Morino Lodge

Drives av Matt Dunn og Craig Oldring. Morino Lodge ligg i området Wadano, ein kort spasertur frå hovedheisen i skianlegget Happo-One. Prismessig ligg lodgen midt i prissjiktet i Hakuba, men atmosfæren og områdekunnskapane til Matt og Craig er uvurderlege.

I lobbyen heng det kart over heile dalen, og etter å ha spandert ein øl på Matt eller Craig skal du ikkje sjå bort frå at dei fortel deg ein hemmelegheit eller to. Pris: 10-12.000 yen/dobbeltrom (høgsesong) 

Heisen du tar frå The Shining og opp til toppheisen er heilt ok, ein velstelt reseter som det sjeldan er noko problem med. Men toppheisen er ikkje topp. I det heile. Den er ein smal toseter som går seinare enn eit vondt år, og som stoppar oftare enn at det kan vere tilfeldig. Det resulterer i at pudderhundane (oss) som har stått frykteleg tideleg opp, hoppa over frukosten og set alle sine kort på energibaren som ligg i sekkelomma, blir ståande i ein evig sikksakk-kø for å komme opp toppheisen. Dette er negativt sett med vestlege e ektivitetsbriller. Her kunne dei ha gjort ei enkel oppgradering av heisen og halvert køen. Men det er allikevel noko spesielt med å stå i denne køen, sitte i denne heisen. Her har du eit knutepunkt av personlegheitar som har akkurat same mål som deg, nyte denne dagen til fulle, koste kva det koste vil. Dette lagar ei heilt spesiell stemning. Når toppheisen endeleg begynner å gå setter denne Skittles-farga flokken i eit unisont jubelbrøl, og forventningane sitrar i kvar og ein. Heiskaren får åtti highfives på rappen. Og så går det ikkje lenge før dei som har vore tidelegast ute begynner å komme dundrande nedover skogen. I urørt pudder får dei tilrop frå heis og heiskø, og store glis er å sjå kor du enn snur deg. Tryn blir selfølgeleg applaudert like ivrig som førstemann som droppar klippa nærmast heishuset. Magisk. Det er her vi befinner oss, i den saktegåande tomannsheisen, og uret viser 9.30.

I det vi går av heisen på toppenblir vi ønska velkommen av heiskaren, som vanleg er i Japan. Uansett kor mange rundar du har køyrd får du alltid eit «ver så god!» og eit hø eg smil. Vi smiler tilbake og delar ut fleire highfives. Vel oppe spenner vi på oss ski og brett, fetter Lars, ein bø væring ved namn Kjetil og eg. Lars på telemarkski, vi andre to på brett. Toppen av Cortina er ein rygg som går gradvis ned mot The Shining, og som serverar utallige stader å droppe inn. Droppar du venstre kjem du rett ned att til heisen. Droppar du høgre må du via ein lengre exit før du er tilbake i den evige heiskøen ved tomannsheisen. Vi sklir ned til kanten på venstre sida, og finn ein spot der ingen har vore før oss. Tuppane på skia og bretta pekar rett ut i lufta mens vi står på kanten av løypa og pekar oss ut ei linje mellom trea. Vi ser på kvarandre, den eine med større glis enn den andre.

«Stein,saks om førstemann!» ropar fetter Lars. Han veit å utnytte at ein av oss er saks-strateg. I dag fell det for dauve øyrer. Kjetil har allereie satt utfor, og det ligg bare ein kvit sky etter han.

Vi set etter han ut på djupet. Alt anna blir gløymd i ein verden av kvit surf og pustevanskar. Store puddersvingar blir satt under heisen til fornøgde tilrop frå oven. Runnet endar i den same lange heiskøen vi føler at vi akkurat forlot. Men det ventar highfives og glis her og. Så då er kanskje ikkje den treige tomannsheisen så ille likevel?

– How was Cortina today, vikings? Det er Matt som spør.
– Iwatake? It was all time, seier vi. 

Reise til Hakuba, Japan

  • Fly til Tokyo, velg mellom taxi eller tog til Hakuba. Taxien er minibuss-typen, og prisen er fast, cirka 1000 kr. Køyrer deg til døra på 6-7 raske timar. Shinkansen (hurtigtoget) går til Nagano, og deretter lokaltog til Hakuba. Til Myoko tar du Shinkansen til Nagano og lokaltog eller taxi videre.

  • Det går og lokaltog frå Tokyo til Nagano. Dette er rimelegare, men det bruker evig lang tid fordi det stoppar ekstremt ofte oppover dalen. Flott kulturelt innslag, men ikkje anbefalt for utålmodige sjeler.

  • Du kan selfølgeleg og velge å leige bil, for eksempel ein campervan, eller «jampervan» som dei ivrigaste har døpt det om til. (På samme måte er Japan døpt til Japow.) 

Publisert 6. oktober 2016 kl 15.16
Sist oppdatert 8. september 2017 kl 11.31
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen