Først i Furuveita

Henrik Langeland og Even Valseth sikra seg ei råflott førstenedkjøring da de kjørte den svære renna Furuveita i Sunndalen.

Sist oppdatert 23. april 2013 kl 12.36
GOD SNØ: Even Valseth koser seg med pudder i toppen av renna. Foto: Henrik Langeland
GOD SNØ: Even Valseth koser seg med pudder i toppen av renna. Foto: Henrik Langeland

Gutta var ikke selv klare over at de gjorde ei førstenedkjøring, men det er på det rene at ingen hadde besøkt Furuveita ved Sunndalsøra før Henrik og Even.

Her er deres historie fra turen: 

 Even Valseth og eg har sett på denne renna ei stund no, men forholda har aldri vært med oss når me har hatt sjansen. Renna er verkeleg eit blikkfang når ein køyrer gjennom Sunndalsøra, der den ligger rett nordaust for sentrum.

Me bestemte oss for å gå opp renna og vurdere snø og muligheit for å køyre på ski fortløpande. Tok i tillegg med oss godt med utstyr for å takle eventuelle bratte utfordringar. Brukte stegjern ved to passasjer ca midt i renna, for å forsere nokre brattare parti med is. De siste 400 høgdemetrene var det så mykje laussnø at me var nøydd å ta på oss skia og gå på feller vidare. Dette lova godt for nedturen, ca 30-35 cm med laussnø som ikkje eingong vinden hadde vore borti!

Me var godt nøgde når me endeleg stod på toppen av renna. 4,5 timar på 1400 høgdemeter er ikkje så imponerande, men med tanke på all den djupe snøen me hadde trakka gjennom var det akseptabelt. Øvste delen var utruleg fin skikøyring! Hellinga var rundt 40 grader+ og snøen var perfekt! I midtpartiet vart det brattare ned mot den første ispassasjen, men snøen var fortsatt bra. Me bestemte oss for å forsere isen med stegjern på veg ned også, kjappare det enn å rigge rappell berre for å sleppe å ta av seg skia. I ispassasjen var renna forholdsvis bratt (ca 50 grader) og veldig trong, kanskje 1,5 m brei. Etter dette var det fin cruising ned mot enda eit brattparti, før renna la seg litt og ein fekk betydeleg betre plass å svinge på.

Utruleg artig renne på dei forholda me køyrde på, med 1400 høgdemeter frå topp til bil. 

Publisert 23. april 2013 kl 12.36
Sist oppdatert 23. april 2013 kl 12.36
annonse
Relaterte artikler
IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen