Årsaken er stor skredfare på Mac Daddy Face, og ingen brukbare alternative konkurranseområder. Dermed er det bare en runde igjen av årets FWT, og det er Verbier 22. mars. Pia Nic Gundersen ligger på 5. plass etter Snowbird, og er dermed klar for finalen i Verbier (de fem beste jentene kvalifiserer), men Anne May Slinning må se finalen fra sidelinja. Hun ligger på 13. plass.
Konkurransen i Revelstoke var for øvrig planlagt før jul, men da ble den utsatt på grunn av snømangel. Dermed er så langt FWT-stoppen i Chamonix den eneste som har blitt arrangert på den planlagte face´n.
En delegasjon fra Fjellsportfestival-arrangør Bratt Moro er på plass i Revelstoke, og daglig leder Per-Odd Grevsnes har tatt en prat med de norske jentene. Og han avslører store planer for frikjøringskonkurranser i Sogndal i framtida:
Et møte med Pia og Anne May i «Revvy»
ORD: Per-Odd Grevsnes
Anne May og Pia har nett kome ned frå synfaring, litt før dei andre. Jentene har humøret oppe sjølv om dei nettopp har fått melding om at det ikkje blir Mac Daddy i år. Etter ein intens dag med flittig bruk av kikkerten mot Mac Daddy facen, har arrangøren bestemt at A-alternativet ikkje går. No blir det jobba med B-alternativa. Arrangøren har jobba med fjellsida i fleire veker. Troy Leahey er ansvarlig for skredvarslinga i Revelstoke. Han stadfester at forholda i området er svært utfordrande.
Nedtur
– Synd. Drømmesenarioet mitt er å få kjøre denne facen i god snø. Mac Daddy er den facen i Wordtouren med størst wow-faktor. Den er 1000 høydemeter, her snakkar me om eit heilt fjell…. Så skulle jentene først ut, sier Anne-May.
– Denne sesongen har vore prega av B-løysingar, men kvaliteten på facane har likevel helde mål, seier Pia, og legger til.
– Til og med i Snowbird der konkuransen var gjennomført inne i skianlegget. Det viktigaste er at sida gir mange val, at vinnarlinja ikkje ligg i dagen.
Feelgoodstemning
Pia og Anne May ligg godt tilbakelent i dei store sofaene. Stemninga i loungen er avslappa, løparane kjem inn ein etter ein. Deltakarane i World Touren er ein godt samanspleisa gjeng.
– Me støttar kvarandre og unner kvarandre suksess. Det er moro for oss å sjå Jaclyn (Paaso) gå stort i Chamonix. Faktisk er det slik at det har vore mykje bra kjøring i år, også på damesida. Jentene har heva seg fleire hakk denne sesongen, seier Pia.
Imponert over dommarane
World Touren brukar dei same dommarane på alle konkurransane. Jentene er imponerte over kvaliteten på dømminga.
– Det er livescore og dommarane i touren har klisterhjernar seier Pia.
Ho føler seg trygg på at dei har klart å plukke ut dei beste i touren så langt i år. Dei er og flinke til å gi tilbakemelding til løparane. For Pia handlar det no om å holde seg blant dei 5 beste for å komme til finalen i Verbier. For Anne May handlar det om å prestere godt i denne konkuransen for å kunne vere med i touren til neste år.
Drømmer om 4-stjerner i Sogndal
Bratt moro har reist med ein delegasjon til Revelstoke. Roar Erlandsen leiar delegasjonen.
– Sogndal har ambisjonar om å arrangere 4 stjerner FWQ kanskje allereie til neste år. Målet må vere at me på sikt kan tilby eit FWT-stopp i Norge i året. Då må fleire destinasjonar samarbeide. Sogndal skal vere ein av desse, seier Roar.