Der skifahrer: Skulle/burde ikkje denne liggje under «Om friflyt.no»?
Petteredderkopp: Jo, det betyr mykje. Skrivefeil er med på å gje eit meir negativt inntrykk av den som skriv, og kan gjere det vanskelegare å lese tekstar. Når so eit forum som dette baserer seg på skriftleg kommunikasjon, so seier det seg sjølv at det er ein fordel å skrive so korrekt som mogeleg.
Eit par ord om teiknsetjing:
-Aldri bruk meir enn eitt -- 1 -- ropeteikn (utropstegn) eller spørjeteikn på ein gong.
-Kutt ned bruken av ropeteikn generelt sett. Dei skal brukast kun når ein vil leggje skikkeleg trykk på ein setning, som i eit utrop (derav namnet) e.l. Det vert difor heilt feil når ein bruker det i annakvar setning.
-Ikkje set spørjeteikn etter alle emnetitlar, uansett innhald. Ein ser av og til at folk skriv noko i emnetittelen som ikkje er eit spørsmål, men so legg dei på eit spørjeteikn likevel, fordi dei har eit spørsmål i sjølve innlegget. (Seier ikkje at ein ikkje kan ha spørjeteikn i emnetitlar, men at ein kun skal ha det når ein faktisk skriv eit spørsmål der.)
-Del opp innlegg i fleire setningar og leddsetningar. Punktum og komma er til for å brukast. Sjølvsagt i moderate mengder, ein skal ikkje ha det kvart tredje ord (satt veldig på spissen), men det er viktig for å gjere innlegg lettare å lese.
(Ikkje sikker på om alt dette gjeld spesielt her på FF, men eg nemner det likevel.)
Over til noko anna, nemleg store bokstavar:
Ver venleg å ikkje skriv heile emnetitlar eller (i verste fall) heile innlegg med kun store bokstavar. Det vert oppfatta som roping, er ubehageleg å lese, og fullstendig unødvendig. Det er faktisk betre å lese innlegg som ikkje har ein einaste stor bokstav enn innlegg med berre store bokstavar, men det er sjølvsagt heller ikkje ideelt.
Og til sist ei oppfordring til ein del, spesielt i Jibbing-forumet:
Skriv norsk. Det er ikkje kult å slenge inn masse amerikanske uttrykk, sjølv om dei er oversatt til norsk, slik som «fred ut» (akkurat det irriterer meg personleg ganske mykje, men eg er kanskje litt spesiell...).