PAL vs. NTSC

Hei. Lurer på om PAL og NTSC er formater som også brukes på harddiskbaserte filmkameraer. Jeg skal til USA og vurderer å kjøpe et der. Sett på endel nettsteder, men fant ikke at det stod hva som var formatet noe sted. Kanskje fordi det er en selvfølge. Leste den andre diskusjonen hvor det var en som skulle kjøpe i USA, men han skulle jo kjøpe filmbasert. Spørsmålet er derfor om et harddiskbasert filmkamera kan kjøpes i USA, og fint brukes med norske systemer?

Takk for svar, håper noen har noe klokt å si!

Før eg seier noko anna, so vil eg anbefale deg å kjøpe eit miniDV-kamera, ikkje eit harddiskbasert kamera. Det er eit betre alternativ av fleire grunner:
-Mindre komprimering av video, betre kvalitet.
-Lettare redigering. Harddisk-kamera bruker ofte MPEG2 til å lagre videoen, og det er langt frå alle program som klarer å redigere dette uten problem. Det følgjer kanskje med eit program, men om det har alt du ynskjer av det, er ein heilt anna sak...

Harddisk/flashminne er truleg vegen det vil gå når det gjeld videokamera, men slik situasjonen er i dag, er miniDV det beste alternativet.

Når det gjeld PAL vs. NTSC:

Eg såg på heimesidene til JVC i Noreg og i USA, for å samanlikne. Den amerikanske versjonen sin beste kvalitet for filming var 720*480/60fps, som tilsvarer NTSC. Den norske/europeiske sin beste kvalitet var 720*576/50fps, som tilsvarer PAL.

So utan at eg har noko meir kjennskap om emnet, so ser det ut som det er forskjell, og det vil difor vere best å kjøpe i Noreg.

tenkte meg nok det. Men måtte spørre. Takk for hjelpen. Mye snø i Voss nå eller?

Har stort sett vore kunstsnø på Voss, men kom noko nytt no, saman med vind. Er 0-50cm, alt etter om ein måler på ein vindblåst stad eller i ei lite fonn. Håper på meir dei neste dagene.

Det heiter forresten PÅ Voss...

 
Annonse
Annonse
Annonse