Stang inn og stang ut i Sogndal

Mens femmila stod på som verst hadde eit knippe innflytta osloborgarar heilt andre planar enn rom og kakao.

Sist oppdatert 8. februar 2016 kl 14.15
Alexander Stålnacke fant pudder i Songdal. Foto: Pontus Flingdal
Alexander Stålnacke fant pudder i Songdal. Foto: Pontus Flingdal

Sogndal hadde gått saman med yr.no og lova pudder. Med ein slik invitasjon er det ikkje vanskeleg å kome seg ut av ein grå og regntung hovedstad. Vermeldinga sa nokre få minusgrader og solide nedbørsmengder, og vi begynte å lukte djupe svingar allereie i Lærdal. Vel framme i saftbygda seint fredag kveld varte det ikkje lenge før utstyr var sjekka og gjort klart, og sengene inntatt for at morgonen skulle kome fortare.

(Blogginnlegget fortsetter under bildet)

arne
arne

Arne Mathias Strand inspiserer henget i Heggmyrane. Foto: Olav Tarjei Valebjørg

Over frokostbordet på laurdag vart det av gjort at Heggmyrane skulle få eit besøk. Og Heggmyrane tok godt i mot oss. Snøen var prima forutan nokon område med ein ørliten crust på toppen av pudderet, og sola bada Sogn Skisenter i ein ekte vestlandsglød. Der Sundby jaga etter å finne det beste sporet i Kollen, jaga vi etter å finne færrast mogleg spor. Baksida frå Sognaheisen vart flittig besøkt, og terrenget var leikent.

Olav har skrevet flere blogger på Fri Flyt: Telemarks høgaste

Med laurdagskvelden kom mildveret, og det vart fuktig på fleire måtar, ikkje bare i form av nedbør. Derfor vart ein nøyaktig og grundig ver-status gjort opp på laurdagsnatta, i form av joggetur frå puben til Barsnes. Nei, den var ikkje frivillig, men vi fekk konstatert at nedbøren kom i form av regn. Derfor vart slumreknappen bruka flittig på sondagsmorgon, og dei innflytta Osloborgarane kom seg ikkje på fjellet før godt utpå dagen.

(Blogginnlegget fortsetter under bildet)

olavvv
olavvv

Olav Tarjei Valebjørg jagar uspora snø i Heggmyrane.

Hodlekve vart målet fordi det var nokon få grader kaldare der, men til ingen nytte. Det hadde kome sno der i løpet av natta, men denne var nå toppa med eit lag regn, noko som gjorde at sugeføret nesten sendte deg på hovudet når du peka redskapen ut i det fuktige pudderet. Ikkje optimalt med andre ord.

Sogndal er ein prima plass med store mogleghetar både heisbasert og for egen maskin, og sjølv om føret ikkje var prima på søndagen var helga god som få. Sogndal, vi sjåast snart att!

Publisert 8. februar 2016 kl 13.36
Sist oppdatert 8. februar 2016 kl 14.15
annonse
Relaterte artikler
FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen