Drømmedag på Hellefjellet

Knut Hustad har sendt oss en fristende rapport og fantastiske bilder fra topptur på Hellefjellet denne uka!

Sist oppdatert 14. februar 2012 kl 08.56
FINT: Hellefjellet byr på ei strålende nedkjøring! Foto: Knut Hustad
FINT: Hellefjellet byr på ei strålende nedkjøring! Foto: Knut Hustad

Hellefjellet 1240 moh.

Vi er akkurat ved skoggrensa.  For ein gong skuld er det eg som trakkar spor, men svigerson Fred Ingar kjem like bak. Der framme  ser eg Blåtindane med sørvestegga, ei lokalt godt kjend klatrerute, rett imot. Men dit skal ikkje vi.   Opp til høgre ligg den 1331 m høge Grøtdalstinden, tinden som i løpet av dei siste dagane har gitt meg to flotte nedkøyringar,  tinden som har fått tildelt  si eiga side i Fri Flyt-boka ”Toppturer i Norge”.  Men vi skal ikkje dit heller.

Nei, sjølv om nakken min f.t. er noko stiv, greier eg å vri hovudet, og etter kvart kursen, opp mot venstre. Der ligg den heller anonyme fjelltoppen Hellefjellet. Eller kanskje bør vi seie fjellplatået sidan det 1240 m. høge fjellet har eit toppområde som nærast er paddeflatt?   Same kva,  det er dit vi skal – til Hellefjellet.  Vi går opp frå søraust sjølv om det hadde vore langt lettare å nå toppen frå vest. Men kva så? Vi går ikkje til fjells denne tida på året for å gjere alt lett – vi er sjølvsagt på jakt etter fine ski-eggar og gode nedkøyringar.

Fred Ingar tek igjen over sportrakkinga. Egga oppover er noko avblåst eit par stadar, men vi er einige med oss sjølve – vi har valt rett rute.  Det ville vel vere å overdrive å kalle dei siste 40 – 50  høgdemetrane for godt skiterreng.  Fred Ingar vil likevel ha med ski heilt til topps, ei renne fristar.  Underteikna er meir av det pinglete  slaget og set  att ski her – bratte og harde renner har aldri vore min favoritt – særleg når bunaden er sett saman av glatte Gore-Tex-klede. Så kjem vindkulene også

Oppover aukar vinden på, det same gjer utsikta. Toppen/ platået vert nådd utan at vi treng å ta fram isøks eller stegjarn, men sjølv om kuldegradene er få vert opphaldet på 1240 m kaldt på grunn av sterk vind. Varme jakker kjem på, varm drikke vert fortært og Fred Ingar røskar  fellane av skia.  Vi er klare for dagens høgdepunkt. Rett under toppen møter vi ein yngre austlending på veg opp. Ok, vi er visst fleire som har oppdaga at Hellefjellet kan vere ein ulv i fåreklede.

Så er vi der, ved den aktuelle renna – eller gjelet som vi gjerne seier her. Renna har også eit namn; Sendefonna. Det er ikkje snakk om om dette skredet går, men når. Vi ser, prøver litt, ser igjen. Ok, dette skal gå bra.  Fred Ingar er varm i trøya etter den første, korte renna.  Han startar, først litt nølande, observerande, så krøkjer han seg lett saman og går over til  lange, slake svingar nedover. Du verden. Vår venn frå Austlandet har nått oss igjen og hiv seg også utfor. Så er det min tur. 20 - 25 cm nysnø. Du verden igjen.  Langt betre enn ein kunne forvente. Ein sving vert til fleire, så kjenner eg det i låra og svingar meg opp på rennekanten for ei lite pause. Nei, ein tek ikkje pause under slike forhold. Det flatar litt ut, men enno rundt 30 grader – oj, oj, oj…

Vi held fram ned mot setrevegen og vidare nedover mot startstaden på Frøland.  Det vert som vanleg ein high-five.  Det finns mange ukjende fjell der ute med fåreklede.  Takk for turen.

Knut Hustad

Publisert 14. februar 2012 kl 08.56
Sist oppdatert 14. februar 2012 kl 08.56
annonse
Relaterte artikler
jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Høkkers Freeride
Se bilder og resultater fra Høkkers Freeride

Høkkers: – Rekordpåmelding

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen