/ Padling

Sandvik nr. 41

Ein skuffa Dag Sandvik kom på 41. plass i verdsmeisterskapet i brattpadling i helga.

Sist oppdatert 7. oktober 2013 kl 20.02
SKUFFA: Dag Sandvik frå Voss klarte å nå finala, men der var han uheldig, og endte til slut på 41. plass. Foto: Jens Klatt
SKUFFA: Dag Sandvik frå Voss klarte å nå finala, men der var han uheldig, og endte til slut på 41. plass. Foto: Jens Klatt

Vest i dei østerrikske alpar ligg Ötztal og elva Ötz, eit sentrum for brattpadling i Europa. Den første helga i oktober vert det kåra ein verdsmeister i brattpadling når verdseliten møtes til tevling i Ötztal under den årvisse Adidas Sickline Extreme Kayak World Championships.

Til årets tevling knytta det seg to store spenningsmoment. Først av alt undra mange på om tredobbelt regjerande meister, Sam Sutton (NZL), kunne forsvare tittlen for fjerde år på rad. Særleg med tanke på at det i år var mange svoltne rivalar som hadde lagt ned mykje trening på denne elva. I tillegg vart utøvarane møtt av uvanleg høg vassføring i dagane før tevlinga, noko som gjorde treningsdagane svært actionfylte. Marcio Franco, som representerer Brasil og er busett i Noreg, såg fleire symjingar tidleg i veka:

– Det nest siste droppet landar i ein skikkelig stopper, og med den høge vassføringa er det mange som blir dytta av linja si og rett ned i holet som er skikkelig vanskelig å komme seg ut av.

Noreg var representert ved Dag Sandvik frå Voss Kajakklubb. Og i tillegg var Noreg delvis representert ved Toni George (NZL), Marcio Franco (BRA) og Tom Rainey (GBR), alle busett på Voss i sommarhalvåret. Etter kvalifiseringsrunden, dagen før finalen, hadde Dag Sandvik og Toni George klemt seg gjennom nålauget og var med i det gjeve selskapet som stod på startstreken når finaledagen kom. Vassføringa var nær grensa for gjennomføring, regnet hadda sett inn og elvebreidda var fylt opp av skodelystne menneske. Toni var innstilt på ein pallplass og innfridde eigne forventningar under nervepirrande omstende. Toni plasserte seg som nummer to, bak Nouria Newman (FRA) og føre Martina Wegman (NED).

– Eg var ekstremt nøgd etter første omgang, då eg hadde andreplassen i lomma med god margin. Men eg var redd pallplassen skulle gleppa når eg gjekk på ein liten smell mot slutten av andre omgang. Heldigvis var det fleire som fekk problem med dette stryket, og andreplassen haldt. 

I herreklassen vart det britisk siger med Joe Morley føre italienske Daniel Klotzner og russiske Egor Voskoboynikov. Sam Sutton vart dytta av trona med ein respektabel 5.plass rett bak litlebror Jamie Sutton. Noreg sin representant Dag Sandvik enda på ein skuffande 41. plass og oppsummerer konkurransen slik:

– Joe, Daniel og Egor klarte alle å holde nær perfekte linjer i dei pushy stryka, og det var nøkkelen idag når mange av dei 48 startande, inkludert meg sjølv, vart kasta litt veggimellom nedover. 

Her er eit knippe filmar fra konkurransen:

Dag Sandvik i slowmo:

Laps med Marcio Franco:

Carnage i Minus-holet:

Publisert 7. oktober 2013 kl 20.02
Sist oppdatert 7. oktober 2013 kl 20.02
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen